fredag 18. juni 2010

Skinkesteik

av KR

Sumar treng ikkje berre vera grill, men sumar er alltid god tid og god mat. Me har tidlegare skrive mykje om billeg svinekjøt, og dette er kjøt som òg høyrer sumaren til. Kjøp difor ei skinkesteik eller bogsteik til 39,90 pr kg (gjerne lågare). Pepre og salte særs godt, og ha gjerne nokre fedd kvitlauk inn i steika. Lat ligge i plastpose i kjøleskåp med svoren ned i 2-3 døgn.

Ta den velsmakande steika ut or kjøleskåpet, og legg ho i eldfast form med svoren ned. Fyll på med 3 dl vatn, og dekk til med aluminiumsfolie. Set i omnen på 225 grader i 20-30 minutt.

Etter dampinga tek du av folien og vender steika (svoren opp), og senker temperaturen til 125 grader. 2 kg må stå omlag 2,5 timar i omnen, steika vert då medium. Er du feinsmeckar og klarar deg med steiketermometer, lat stå til stokken syner 70 grader. Etterfyll med vatn om naudsynt, og hiv inn nokre grovkutta gulrøter, laukar, mv for å gje steikesjya meir smak.

Sidan du likar svor nyttar du dei siste minutta til å få svoren sprø og god. Bruk grillen (den i omnen) og følg godt med. Det er no på høg tid å ta av strømpa, dersom du har kjøpt surra steik!

Lat steika kvile 20 minutt under aluminiumsfolie, og i mellomtida lagar du saus ved hjelp av mjøl, smør, steikesjy. Smak til med salt og pepar.

Serverast med kokte poteter og anna høveleg tilbehøyr. Dette er eit måltid som vil mette ein munn for 10 kr, så nøl ikkje! Ypparleg fastfood er det òg, del opp og frys ned. Sundagsmiddag til kvardags er ein gjengangar på Sparebloggen; fordi du fortenar det.

God middag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar