Me ynskjer spararar i det ganske land ei god sparejul, og eit godt nytt spareår!
Her lærar du å spare inn utan at det går utover korkje helse, sosialt liv eller levestandard. Det som er spart er tjent!

Den siste tida har Kiwi sendt ut ein løpeseddel til Trumf-kundar, der ein ved hjelp av denne kan få ei flaske Heinz Garlic sauce gratis i butikken. Underteikna nytta seg av dette tilbodet, men kom heim og oppdaga ein mangel ved flaska; korka var knekt. Som seg hør og bør tok eg straks kontakt med den norske importøren av Heinz, Haugen-Gruppen Nordic AS, og informerte om insidenten. I dag mottok eg i posten ny flaske kvitlaukssaus, med tilhøyrande smaksprøvar (flaskesaus av type curry og mango). Ingenting er vakrare her i verda enn når 1 vert til 3.




Tikronarmarknaden til Spar denne veka har alt gjeve frukter. 4-korn med tilhøyrande gjærpose til 10 kr pr kg innbyr til brødbakst. Det same gjer 8 kg kveitemjøl frå Coop Obs til rekordbillege 29,90 (3,74 kr pr kg). Ut or omnen er nyss kome 4 formbakte grovbrød. Bakeformene har underteikna tileigna seg ved hjelp av diverse tilsende gåvekort etter forbrukarklager til produsent. I det heile var det ein gild handletur for nokre dagar sidan, der gåvekort til ein verdi av 650 kr vart svidd av på rekordbillege daglegvarer. Etter matbudsjettet å dømme treng eg ikkje handle korkje frukost eller middag resten av november. Hushaldningsbudsjettet lyser naturlegvis blått, og Sparebloggen syner deg no korleis du kan eta landets billegaste grovbrød.
me naturlegvis attende nokre generasjonar. I følge det eg trudde var Uncyclopedia, men synte seg å vera norske Wikipedia, oppstod skikken "i middelalderen, da det var vanlig å la maten stå framme hele jula slik at fattig og omstreifere kunne forsyne seg. Før var det også vanlig å la restene etter julemåltidet ligge igjen på bordet julenatta for å blidgjøre de underjordiske eller gårdsnissen." Dei einaste underjordiske ein ser i dag er vel den som ligg under bordet, og i dag let ein berre halvfulle drinkar stå att "til omstreifere" slik at den fullaste kan byrje repareringa alt kl 02. Eg reknar med diverse folkloristar kan gå god for denne skikken, som byrja omlag 430 år etter reformasjonen.
For mange butikkar har det gått sport i å koma med garantiar som dei kan reklamera med. Dette trekk kundar, men kostar lite, då det er få som tek seg bryet med å reklamera på mangelfulle varer. Her kjem ei lita oppsummering av garantiane du kan dra deg nytte av:
Alt før den 30 mil lange turen ante eg at noko var gale, bensintankpila bikka for mykje til venstre; mot raudt. Som kjend er Sparebloggen økonomiske (og følgeleg miljøvennlege) sjåførar, og bensintanken heldt heile turen. Dagen etter varsla imidlertid bilen om tom tank, men underteikna køyrde på (i høge gir) i påvente av månadsskiftet. Med bensinkort sikrast ein nemleg rabattar og rentefri betalingsutsetjing med forfall kvar 30. dag i månaden. Undervurder aldri det rentefrie alternativet! Alt handlar då om å fylle tidleg i neste månad, snarare enn seint i inneverande månad.
Det er ikkje ofte merkjevareprodusentane er snille, men i desse dagar kan du få Toro-sausar, Friele-kaffi og Mr. Lie-nudlar hivd etter deg. Det er det me i bloggen kallar god stemning!
Om du mot formodning ikkje lyttar, og likevel nyttar, ei handlevogn. Sørg ihverfall for å putte på ei stoppskive istadenfor ein tikroning. Selg så handlevogna di til kunden som kjem forbi til kr 10. Kunden vil nok takke mykje, men aldri har du vel fått betre betalt for eit stoppskive.
2 steikepanner 20 og 26 cm diameter til 99 kr denne veka. Eit kupp for ei kvar hushaldning som til no berre har hatt høve til å koke maten! Røkte kjøtpølser til 33 kr/kg er også rimeleg bra. Bananar kjøpast aldri til over 10 kr/kg, og Coop innfrir så vidt denne veka med 9,90.
Media har den seinar tida både meldt om rekekrig og rekordhøge prisar på reker. Prisane går med andre ord både opp og ned. Alle butikkar har no frosne reker til omlag 15 kr/kg, noko som gjer at ein lett held seg innanfor den magiske 20 kr/person for middag, sjølv om reker av somme er sett på som eksklusiv mat.
Kaffi. Desse brende bønnene som verkar oppkvikkande og vanedannande. Lenge var kaffien ei eksklusiv vare, men det losna på 1800-talet då importtollen vart redusert og produksjonen auka. Likevel kokte folk på same gruten veke etter veke utover 1900-talet, og etter kyrkjekaffien kunne det vera stor rift om den ferske kaffigruten. Ofte kunne det vera kaffien som gjorde folk til kyrkjegjengarar. Vanedannande det òg.