laurdag 20. november 2010

Julemiddag på forskot

av KR

Det har den siste tida vore priskrig på svineribbe, og me reknar med mange sparar denne veka har handla tynnribbe til 14,50 pr kg på Rimi. Ein lesar rapporterar òg om butikkar som går tomme for tynnribbe, og sel familieribbe til same prisen. Rimi har lenge måtte tåle pepar her på bloggen for dårlege tilbod, men denne veka har dei teke att noko av det tapte omdømmet og skapt god julestemning alt i november.

Ettersom mange frysarar no bugnar av førjulsribbe presenterar me her Sparebloggen si førjulsribbeoppskrift:

Bruk ein skarp kniv, gjerne ein tapetkniv, og lag rutemønster på svoren. Gni deretter heile ribba inn med rikeleg salt og pepar. Her må det til meir enn du trur, og sørg for at det kjem inn mellom rutene og ned i kjøtet. Legg deretter i plast/folie og lat stå kjølig i 2-3 døgn.

Legg så ribba med svoren ned i ei langpanne, og hell i ei blanding vatn og appelsinjuice til svoren er dekt. Om du har nokre laukar kan du kutte desse i to, òg hive dei ned i langpanna. Dekk så til med aluminiumsfolie og set i omnen på 225 grader. Lat det dampe i 30-45 min. Fjern aluminiumsfolien, og snu ribba med svoren opp. Senk temperaturen til 180 grader, og lat stå i 2-3 timar. Pass på å etterfylle vatn dersom naudsynt. Medan ribba godgjerar seg i omnen må du 4-5 gongar i timen ause sjy frå langpanna opp på ribba. Denne prosessen kan intensiverast den siste timen, og gjer ribba saftigare og meir smakfull. For å sikre ein sprø svor må du sjå til at ribba står høgt i omnen, og dersom naudsynt brukar du grillfunksjonen med stor varsemd!

Ta så ribba ut or omnen og lat kvile 20-30 min før oppskjæring. I mellomtida lagar du saus der du nyttar delar av sjya frå langpanna, og heimebruna kveitemjøl. Til denne førjulsribba bør det halde med eit tilbehøyr av poteter, saus og surkål.

Eit kostnadsanslag per person der ein reknar 300 g kjøt, 2 poteter, surkål og saus gjev 7-8 kr for ein middag. Lenge leve landsbruksoppgjeret!

4 kommentarer:

  1. Her i M&R kan eg også melde at man får familieribbe til samme fine pris som tynnribba.
    (Kva er egentlig forskjellen? )

    Bunnpris i Molde sentrum lo til igjen med poteter på fredag.
    Ikkje 2Kg for 10Kr, men 4Kg for 10Kr!
    (Måtte nøye meg med en sekk ettersom eg er sparsommelig og har månedskort på buss, og det er 1.5Km fra busstoppen til leiligheta. )
    Det er to typer potet: 'Melen'(godt egnet for stappe ol. da den går lett i oppløsning) og 'Kokefast' (skal tåle å kokes uten skallet uten å gå i oppløsning).

    Kva er billigst:
    ertestuing på pose, eller lage av tørkede erter?
    (Hos meg blir det posemat, men det er mest fordi eg allerede har posene.)

    SvarSlett
  2. av KR

    10 kr for 4 kg er ikkje berre billeg, det er mistenkeleg bra! Har elles merka oss at dei fleste billegpotetene er melne, så her tek me gjerne imot tips på billege kokefaste poteter.

    Me har òg lenge undra oss over namnet familieribbe, og trudd det berre er eit salstriks, men det syner seg at familieribba og tynnribba skil seg så smått. Kotelettkammen er fjerna i sin heilskap på tynnribba, medan sidekammen av kotelettkammen sit att på familieribba.

    Eg vil tru det er billegast å lage ertestuing av tørka erter, ja om slikt er å oppdrive til ein billeg pris i colonialen.

    SvarSlett
  3. Jeg kjøpte en liten familieribbe bare pga prisen, selv om jeg egentlig ikke er så veldig glad i ribbe. Familieribbe er forøvrig redningen i barnefamilier nettopp pga kotelettkammen..mer kjøtt og mindre fett på den delen der. Så slipper man lage til noe annet til fetthatende småtroll.

    Plukket med meg litt frossenfisk, siden det var 40 % rabatt. Kjenner jeg elsker fryseboksen min mer enn noe annet.

    SvarSlett
  4. Ja, prisen på potet var så bra at eg mistenker det for å være et ekte lokketilbud...

    Fant ei oppskrift på potetbrød som er 'halvt om halvt' potet og mel, etter vekta, så eg tenkte eg skulle gjøre et lite forsøk.
    http://www.matoppskrift.no/sider/oppskrift2825.asp
    For eg har ikkje sjanse til å spise opp potetene på normalt vis før de går klar. (Poteter skal lagres tørt, mørkt og svalt, f.eks i en kjeller, noe det er mangel på i ei leilighet.)

    Fryseboks?
    Har kjøleskap og fryser, men ikkje fryseboks.
    (Frysern er plassert på kjøkkenet, så eg trenger ikkje fryseboks i kjøleskapet. Dessuten blir det lettere å hente ut ting fra frysern når den er så tilgjengelig.)

    SvarSlett