laurdag 6. november 2010

Julebordsesongen

av KR

Dei seier det nærmar seg jul. Sjølv har eg ikkje eingong kjøpt inn ein halv gris. Likevel har fleire av våre faste lesarar oppmoda oss om å sjå mot den komande julebordsesongen. Den er visst alt i gong! Og familien har sjølvsagt rett; den er under planlegging. Festkomitéar opprettast. Husvære og korps tingast. Og eigenandelar kalkulerast. Somme stadar trykkast det til og med bongar. Du kan drikke på vår rekning, berre du gjer det sømeleg. Kva er då vitsen, kva slags julebord er dette?

For å granske dette kollektivistiske fylleslaget (og sosiale sjølvmordet) nærare, må me naturlegvis attende nokre generasjonar. I følge det eg trudde var Uncyclopedia, men synte seg å vera norske Wikipedia, oppstod skikken "i middelalderen, da det var vanlig å la maten stå framme hele jula slik at fattig og omstreifere kunne forsyne seg. Før var det også vanlig å la restene etter julemåltidet ligge igjen på bordet julenatta for å blidgjøre de underjordiske eller gårdsnissen." Dei einaste underjordiske ein ser i dag er vel den som ligg under bordet, og i dag let ein berre halvfulle drinkar stå att "til omstreifere" slik at den fullaste kan byrje repareringa alt kl 02. Eg reknar med diverse folkloristar kan gå god for denne skikken, som byrja omlag 430 år etter reformasjonen.

Det mest interessante med skikken julebord er vel kor lausriven den er frå sjølve juletida. I gamledagar vart eit julebord lagt til romjula, og det var då ein viss logikk i saker og ting. I dag er julebordet omlag som russetida, ein feirar fleire veker før eksamen. Det stoppar ikkje berre der. Ein drikk i same omfang som russar, og har meir eller mindre tilfeldig kopulering. Det einaste som manglar er knutane! Men knutane er der ser du, fordekt som diverse morosame "Årets"-utmerkingar. Kan det verta flauare? Naturlegvis, og Sparebloggen syner deg korleis.

Det er ei kjend sak at arbeidsplassar held julebord, sjå berre her. Men all den tid diverse lag og organisasjonar held julebord, og er gilde nok til å bruke alle medlemspengane på å fôre eit lite mindretal, bør du melde deg inn og eta gratis. Ein må imidlertid førebu seg på å verte uglesett. Organisasjonars indre kjerne er knallhard, og du vil lett kunne skilje deg ut som ein framand. Sparebloggen sitt triks er å kle seg som eitkvart anna organisasjonsmenneske, som Arnold Arnoldski, og med dette glir du rett opp til buffetbordet. Usett. Ei soge frå Sogn vil ha det til at eit organisasjonsmenneske klarde 24 julebord iløpet av desember. Kan ein tenkje seg ein betre julekalendar? Nettsida nyinorge.no er ein god innfallsport for mange, også for gode spararar. Ifølge nyinorge.no fins det "over 115.000 organisasjoner i Norge". Rekorden på 24 bør vera lett å slå. Brorparten av desse organisasjonane er nemleg sokalla frivillige, og med det følgjer inga medlemsavgift - men likevel eit gratis julebord. Forstå det den som kan. Meld deg inn den kommande veka og krev din rett for 2010! Går alt som planlagt får du med deg nokre frivillige tilbake på hotellet òg.

1 kommentar: