torsdag 11. november 2010

Siderspezial

av SR

Som tidlegare lova, kjem me no attende med oppskrifta som imponerar både naboen, ektefellen, lommeboka, vorspielet og han med snurrebart innerst inne i kroken på di lokale kneipe. Det hemmelege sider-oppskrifta blir avslørt.

Etter mykje prøving og feiling innan siderbrygginga har eg kome fram til korleis det skal gjerast og korleis det ikkje skal gjerast. Fyrste sats vart sett eit halvår før eg var russ, og skulle du òg tenka tanken om at sterk sider er god sider, kan eg avkrefta den myten fyrst som sist - Busted!

Det er naturleg nok mange måtar å koma fram til produktet sider. Det beste er likevel etter mi meining å reisa til den lokale eplepressaren og få pressa 25 liter eplesaft. Det er det perfekte utgangspunktet for ein god dunk. Vil du ha det mindre syrleg, kan du tilsetja 20-30% pære. Men pass på å reingjera dunken (og alt anna bryggemateriell) godt. Helst med klor.

Før du går vidare i prosessen må måla sukkerinnhaldet i safta med ei økselvekt. Har du dårleg hukomming må du skriva ned dette talet. Du vil få bruk for det seinare.

Pisk så inn ein pakke med raud cargus (sterkvinsgjær) i 2 liter saft og "slå" det inn att i dunken. Tøm på nytt ut nokre liter, og slå det inn att i dunken. Gjer dette 3-4 gongar, og rist deretter heile dunken ei stund.

No er dunken klar for gjæring. Det er difor viktig å ha på gjærlås på dunken, og ikkje vanleg kork. Med vanleg kork risikerar du at gjæringsprosessen gjer at korka sprett av, og utan kork endar du fort opp med epleedikk. Så kan dunken berre stå. Les bakpå gjærpakken for å sjå temperatur.

Sjekk så sukkernivået minst ein gong i veka. Når sukkerinnhaldet er på omlag 20 må brygginga avsluttast. Tilsett klårningsmiddel, og la det så nokre dagar til grumset har gått til botn av dunken. Ta ein slange, og tapp det over i flasker. Det er ikkje noko poeng i å putta pengar i dyre flasker. Vanlege brusflasker er dei beste flaskene, då korkene der er heilt tette.

Når du har flaska sideren må du på nytt måla sukkernivået. Me kjem attende til kva dette skal brukast til. Vil du ha ein kryddersmak kan dette tilsetjast no, men ha det i dunken på ein slik måte at det enkelt kan fiskast opp att.

Viss du vil ha bra med kolsyre i drykken, tilset du ei lita te-skei med fruktose før du set på korka. Med tida vil det slik dannast kolsyre av seg sjølv.


For mange er alkoholprosenten det viktigaste, og det er her den fyrste og den siste målinga av sukkerinnhaldet kjem inn. Ta det talet du fyrst målte, fx. 58, og trekk frå det siste nummeret du målte, td. 18. Då får du 40. Dette delar du på 7,62 (fin hugseregel for militærfreaks). Med vårt døme får du 5,25, og det er alkoholprosenten.

Lukke til med brygginga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar