torsdag 29. oktober 2009

Tilbodet eg angrar på at eg ikkje nytta meg av

av KR

Ny fast spalte på Sparebloggen: "Tilbodet eg angrar på at eg ikkje nytta meg av". Her ynskjer me dykk velkomne til ettertanke i ein elles hektisk sparekvardag. Dei fleste av oss på Sparebloggen er så gnitne at me av og til, men særs sjeldan, held så hardt på pengane at me gløymer oss ut når dei verkeleg gode tilboda lurar framføre nasen. Følg med vidare!

Oktober har våre ein månad prega av fleire gode tilbodsprega handlerunder, men tilbodet eg angrar på at eg ikkje nytta meg av er definitivt Rimi si fårikolgryte i stål (10 liter) til 79 kr! Dette har tæra på meg i fleire veker, og denne spalta er vel så mykje folkeopplysning som pleie av eige sinn. Sorgene over tapte tilbod må delast med andre, slik at ein kjem over dei - og lærar av feila sine.

Å seie nei til eit slikt tilbod var rasjonelt i gjerningsaugneblinken, men berre då. Eg har allereie 3-4 kasseroller, så dette treng eg ikkje. Men berre nokre dagar etter at eg hadde sagt i frå meg dette tilbodet melde behovet for ei kasserolle på 10 liter seg. Den gnagande følelsen av at vurderingsevna mi var svekka kjem stadig att. Med ein 10-litar kunne eg ha kokt opp større svinesteiker (jf tilbodet frå Joker 34,90 pr kg), eller kokt ei særdeles stor gryte med lapskaus som kunne ha porsjonert seg over fleire veker.

Angstfølelsen har i det siste meldt seg; slike tilbod kjem aldri att. Ingen av menneskearten anno 2010 vil vera så dumme at dei nok ein gong sel ein 10-litar til 79 kr. Skal eg ha meg ein 10-litar til neste år, må eg truleg opp i 179 kr.

Panikk, anger og gode tilbod som fyk ein forbi. Lat aldri eit slikt tilbod gå dykk hus forbi ein gong til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar