måndag 12. oktober 2009

Tilbod for sleikmunnar og pølsefrelste

av SR

Sjølv om sparebloggen har ein klar helseprofil, er det ikkje til å skyva under stol at denne veka er prega av søtsaker på tilbod. Me er difor pragmatiske og presenterar òg desse tilboda, sjølv om nok mange av dykk vil påstå søtsaker er å kasta pengar ut vindauget i utgangspunktet, unødvendig luksus og med til å skapa nye og store ekstrautgifter.

Rimi
Rimi stiller med smågodt til 6,90 kr/hg. Dette er i grunn ein bra pris, særleg sett utifrå det relativt store utvalet dei har. Gode sparar vil nok reagera på dette, då det jo er ei kjend sak at Europris har fast pris på 5,90. Det er likevel på det reine at ting ein skal putta i kjeften som kjøpast på Europris må minimum vera i vakum, helst hermetikk, pga. at dei til synelatande sparar inn på reinhald.

Dei stiller òg med eit sunt alternativ denne veka, epler. Det er likevel ei hån å måtte betala 14,90 pr. kilo. Dette blir attpåtil kalla eit kampanjetilbod...

Rimi prøvar så godt dei kan å lura på oss dyre wienerpølser, men den bit me ikkje på.

Spar
Stiller opp med 40 % på alle pølser denne veka. Eg er generelt ikkje den typen som jubalar høgt og villig blir med på pølsefest, men eg må innrømma at dette er eit bra tilbod. Men ha i bakhovudet at det generelt er dyrt der.

Big One-pizza kan du òg få til 24,90. Føler likevel ein trang til å minna om Sparebloggpizzaen og hastepizzaen frå Rema som er omtala tidlegare.

Mega
Har alle varer frå Maarud til 40%. Ikkje feil til ein Pokal-pils.

Òg Mega hånar denne veka med sitt "fryseshow" der dei skryt av "fast lavpris" på Kapteinens fylte rødspette til 42,90. Seinast for to veker sidan solgte Spar denne for 28 kr!

Bunnpris
Bunnpris stiller òg opp for sleikmunnane denne veka, men 19,90 for 200 gram sjokolade er ikkje noko å hoppa i taket for. Det er heller ikkje det lusne og gamle utvalet av smågodt til 7,90...

3 kommentarer:

  1. Mega sitt fryseshow, fast lågpris på 42,90 blir noko heilt anna enn enn tilbudsprisen til Spar på 28 kr. Medan Spar sel rødspetta til rundt 50,- vanlege veker so har Mega det billegare jamnt over.

    14,90 per kilo for epler er faktisk ikkje nokon upris i dagens marked.

    Om alle skulle fulgt denne anbefalinga, altså kun handle på tilbud der butikkane sit att med ein bruttofortjeneste på godt over minus 30%, ja då hadde det vorte mange butikker som ikkje hadde hatt igjen mange prosent av omsetnaden sin. Med tanke på at mange Spar-butikker sit igjen med ein bruttofortjeneste på 2,5% dei dagane tilbuda er på sitt "beste", so skal det ikkje mange cellene til for å forstå at desse tilbuda kan vera øydeleggjande for mange butikker.

    Fordi, tilbud trekkjer ikkje faste kundar, det er sjelden dei faste kundane som hamstrar. Problemet med tilbod er at det ofte er drop in-kundane som tek til seg alle einheiter før dei faste kundane får nytta seg av tilbod.

    Det ein tener mest på i lengden er å finna ein hovudbutikk der ein handlar +75% av sine daglegvarer. Tilbodshandling er tidkrevande og ein tener ikkje så mykje som ein skulle tru om ein ser eit heilt år under eitt. Butikkane med dei faste prisane er ofte dei beste. Ellers er Spar eit godt alternativ der ein krydrar ok prisar med greie tilbod.

    SvarSlett
  2. av KR

    Me føretrekk som deg (?) tilbodsprisen til Spar på 28 kr, og handlar om naudsynt 10 kg den veka. Då rekk det til neste fryseshow hjå Spar.

    Når det gjeld omsutet for butikkane si forteneste, så overlet me dette til respektive finansoffiserar i kvar einskild kolonial. Kor vidt butikkane tapar 30% når me handlar, bryr me oss lite om. Om noko så gler det oss desto meir, for då har me gjort den beste handelen.

    Ser ein over tilbodsavisene, er det nok av luretilbod der ute, som gjer at daglegvarekongane har til salt i maten. Eg har til dags dato ikkje sett ein fattig daglegvaremilliardær i Noreg.

    SvarSlett
  3. Får vell svara deg og, trur ikkje du heilt forstod kva eg meinte. Om du et mykje raudspette, altså at du har i deg dette to gonger kvar månad.

    Du kan då gå til innkjøp av 24 pakkar når SPAR har fryseshowet sitt, eller du kan spreie det utover, når du treng det. Sei at om du alltid handlar denne vara på SPAR, og du kjøper 5 pakkar der tre gonger i året til tilbodspris og dei resterande ni til fullpris(set denne til ca. 60 kroner). Då ha du brukt ca 1000 kroner på dette. Om du kjøper alle pakkane av Mega brukar du 1125,60. På eit år sparar du altså ca 125 kroner på fisk. Det høyrest jo fantastisk ut, og må ein spara og vil legga arbeid i det kan ein spara pengar.

    Det eg bit meg merke i er at de kallar Mega sin faste lågpris for eit hån. Fast lågpris er vidt forskjellige ting, eit tilbod er i ein tidsbegrensa periode. Det er jo difor eg seier du tener mest på å vera stabil kunde hjå ein butikk. I store tilbod, som kjøttdeigprisen til 19,90, vil det vera lite igjen til faste og gode kundar. Bruttofortenesten er mellom 15-30% i minus på desse kjøttdeigpakkane, som med fastpris ikkje er noko gullgruve heller.

    Det som er kjerna i saken her er at det ikkje er daglegvaremillionærane som lid nokon nød, men dei lokale kjøpmennene. Som på tilbodsdagar har massiv omsetningsauke, mange nye kundar kjem inn og kjøper KUN tilbodsvarer. Men dette er kun eit problem i distrikts-Noreg og ikkje i byane.

    Men for all del, spar pengar, det har eg aldri vore ueinig i :)

    SvarSlett