måndag 5. oktober 2009

Tilbod denne veka

av SR

For mange er måndagen ein hard start med kvardagen etter fri i helga. Men for meg er den ikkje det. Det har ikkje berre noko med at eg ikkje merkar skilnaden mellom helg og kvardag pga. eksamen, men rett og slett fordi det er måndagen butikkane kjem med sine tilbod. Det er på tide å oppsummera kva me har i vente:

Spar: Den elles så dyre butikken med eit middels utval i billegprodukt.
  • Heilgrilla kylling til 29,90. Ikkje spesielt billeg, men absolutt overkommeleg. Er fire middagar i ein slik kylling, og saman med ein kopp ris, litt soyasaus (når skal Frist Price komme med eigen?) og Salatmesteren sin potetsalat ligg det an til eit herremåltid til omlag 20 kr.
  • 1 kg kvitost frå Synnøve Finden til 49,90. Absolutt akseptabelt, og fullt på høgde med det beste i utlandet. Her er det berre å bunkre opp, men pass på å finrekna med datoen!
  • Spar brukar elles denne veka sistesida på tomatar. Men prisar som 14,90 pr. kg og og 29,90 for 200 gram er hån mot oss! Det hjelper ikkje å framstilla det som eit tilbod så lengje det ikkje er det. De lurar ikkje oss!

Mega: Endå ein elles dyr butikk, som likevel slår til med 40% til tider.

  • Denne veka er det 40% på Pierre Robert-undertøy. Erfaring tilseier at det er mange sparar som går rundt med slitt undertøy som på fleire måtar burde vore skifta. Her er det berre å slå til, men sjekk fyrst med sparkjøp.
  • Reklamerar vidare med «fast lav pris» på grilla kylling til 39,90. Er du sugen på kylling kjøper du heller på Spar eller frosen på Rema.

Bunnpris: Du er nok ikkje den einaste som har blitt lurt inn på denne butikken av namnet, og gått tomhendt ut att.

  • Slår til med kål til 1 kr pr. Kg, elles ikkje så mykje å skryta av.

Rimi: Er over alt, alltid kø, men det er berre partivarene som er billige. Kva er det dei lokkar med?

  • 22 gram heil peppar til 1 krone og fårikålkjøt til 39,90. Ryktene skal likevel ha det til at First Price har endå billigare fårikålkjøt. Kombinert med kål frå Bunnpris og First Price sine poteter kan det likevel blir ein bra middag.

Ica Nær og Supermarked: Butikken for naudinnkjøp på raude dagar.

  • Slår til med kaffien til den besteborgarlege Friele til 13,90, men Cirkel-kaffi er jo endå billigare då...

Joker: Liten og grei butikk med nokre få tilbod kvar veke.

  • Sunnmøre (ooo, Lord!) har slege til, og Joker sel difor Grandiosa til 19,90 denne veka. OBS! Sjå Spareblogg pizza-spezial!
Me må ikkje gløyme Samvirkelaget!
av KR

Coop obs! Hypermarked: Den moderne landhandelen.
  • Denne veka oksebog til 49,90 kr kg. Dette særs billege kjøtet gjev 8 porsjonar. Gje det ei lett steikeskorpe i panne, og hiv det i omnen på svak varme 2-4 timar. Del opp og frys ned. Dette er perfekt fastfood, som berre krev eit raskt oppkok i saus og serverast med billege poteter. Anslått kostnad per middag 8 kr.
  • Fersk laksefilet ("fra frysedisken") til 49,90 kr kg. Laks er verkeleg i vinden for tida, og dette er eit må ha-tilbod frå Coop. Særs sparevennleg, og billegare enn FirstPrice (rett nok oppdelt og porsjonert). Anslått kostnad per middag 8 kr inkl poteter. Dei legg til sist at tilbodet gjeld "kun private husholdninger". Det inkluderar sjølvsagt oss spararar, sjølv om me handlar inn stort og industrielt.
  • Wagner-pizza til 9,90 eller 28,70 kr kg skal heller ikkje kimsast av (om ein nøyar seg med ein per person), men erfaringsmessig bør pizzaen lagast sjølv som synt i tidlegare innlegg. Me rår i frå dette luretilbodet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar