måndag 26. oktober 2009

Dårleg start på veka

av SR

Viss du framleis har pengar att, etter at Joker hadde Synnøve til 39,90 (som annonsert på Sparebloggen), er det nok ein gong duka for tilbodsrunde. Denne veka er tydeleg at kjøpmennene har fått med seg at pølse-Hansen er arbeidsledig, og treng billig føde.

Spar: Slår på tromma med stor 10-kronesmarknad, og byr ma. på 300 gram middagspølse, to stykk kroneis, fiskesuppe, blodpudding og 4-kornblanding. Elles interessant at ribbe til 29,90 kr kiloen på 10-kronersmarknaden. Me åtvarar i same slengen mot kyllingvingar (50 % bein) til 100 kr kiloen. Sjeldan er vel uttrykket «det er ikkje gull alt som glitrar» meir beteiknande enn når det er snakk om kyllingvingar.

Joker: Har kasta seg på den regnbogefarga trenden med pølsefest, og 40 % avslag på den slags.
Igjen har first price-bøndene sett oss i nåde, etter at Kiwi har skrudd opp prisen dag for dag, og hjå Joker får ein no 5 kg poteter til under 20 kr. Elles berer Joker preg av dagen derpå etter nokre gode tilbodsveker med 1 kg Synnøve til 39,90 og 1 kg svinesteik til 34,90. Dei prøvar seg denne veka med 1 kg røykt svinesteik til 49,90, isolert sett akseptabel pris, men nytta du deg av Spareblogg-alarmen på 34,90 styrar du klar av dette.

Mega: Denne veka er det 40 % på oppskåre pålegg frå Gilde.

Rimi: Gjer seg sjølv stort sett til latter med liksomtilboda sine, og me vurderar no å ta ut heile butikken frå lista med mindre dei tek seg saman. Pr. dags dato er det berre EuroShopper og det eine tilbodet på brunost til 49,90 som gjer at dei ikkje stryker.

Bunnpris: La vita pizza (tidlegare tilrådd for spararar i tidsnaud) til 19,90 imponerar. Ikkje fordi det er utruleg billig, men fordi Bunnpris generelt ikkje har så mykje å visa til kva gjeld bunnprisar.

Hald lommeboka tett til brystet denne veka, her var det få eksepsjonelt gode tilbod.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar