av KR
Titt og ofte sel dyre Findus seg for billeg, og det plar me ta nytte av her på Sparebloggen. For nokre veker sidan var det Joker som gav Findus til 40% rabatt, no er Spar ute i same dansen. Når Findus selgast som om det var FirstPrice, og vel så det, ropar det god arbitrasje heile vegen. Slikt gjeld det å nytte seg av, så legg bort alle hemningar og kom dykk til Spar!
Sjølv kjøpte eg 10 kg fisk og regelrett tømde frysedisken for kapteinens fylte raudspette og anna god, raud fisk. Alt skjedde i dagslys og til normale sparebloggprisar; omkring 10 kroner per middag. Det beste var at det ikkje var flautt å ta ALT som låg i frysedisken, sjølv om ei eldre dame stod bak meg og venta på tur. Velkommen til sparebloggaren sitt univers. Finders keepers, seier no eg!
søndag 4. oktober 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar