søndag 18. oktober 2009

Når festen blir ein fest

av SR

Våre lesarar har spurt etter sparetips for festar, og vil i den samanheng ause ut av vår kunnskap.

Det viser seg at det å halda festar ikkje berre førar med seg knuste glas, søl i sofaen og eit mangedobla forbruk av dopapir! Det har òg sine økonomiske sider. Ikkje berre kan ein gjennom pantepengane knekka inn pengar tilsvarande middag i ei veke, er ein heldig har det blitt gløymt att drikke nok til neste fest. I påvente av at First Price og Landlord skal landsera sin billigøl, er nok dette ei særs god løysing.

At ein kan invitera til fest, eller tilby seg å halda vors er noko ein kvar kan forstå. Udokumentert fakta tilseier faktisk at festhaldarar generelt på ingen måte er sparar, snarare tvert i mot dei som spanderar champagne og jordbær til fleire tusen kroner på uteplassar. Mange av desse ser me seinare att på TV3 der dei pratar med ein snauskalle frå Jæren.

Men korleis skal ein få maksimalt utbytte av festen? Sparebloggen gjer deg svaret:
Det må her seiast at skiljelina mellom spareblogg og snylteblogg er hårfin, men tålar me eit stempel som gniten, så tålar me òg eit stempel som snyltar!

For oss er vin- og spritdrikkande gjestar som regel dårleg. Det er ikkje ofte nokon legg att ei uopna flaske. Det er slik lite å henta i dei kretsar. Nøkkelen er difor å invitera til ølfest, eller i desse dagar: oktoberfest. Då drikk alle øl, og ein slepp dermed vin- og spritproblematikken, samt at ein får panteinntekter.

Inviter gjerne til tapas eller noko anna der alle gjestane skal ta med seg litt mat kvar som skal delast. Nesten alle tek her med seg alt for mykje, noko som gjer at verten har mat i flerie dagar etter sjølve festen.

Det er ikkje eit uvanleg fenomen å ha med seg kontantar på byen. Gå difor over sofa- og stolputene og sjekk om det ligg att myntar.

Skal du vera storkar og spandera i løpet av kvelden, gjer du det på vorsspielet. På den måten kan du gjera det til innkjøpspris, i staden for å ruinera deg på puben.

Skulle det mot formodning ikkje vera att mat etter tapasfesten, men du likevel er sugen på litt mat, er ofte kebab løysinga. Ver ver obs på at mange kebabsjapper doblar prisane etter midtnatt. Ta difor nattmaten på veg til byen, då slepp du òg unna dei verste køene.

Og hugs: sparing er ein fest!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar