fredag 2. oktober 2009

FirstPrice-laks til meg, takk

av KR

No kan du også flotte deg som ein engelsk lord med tweed og bambusstong for berre 11 kroner om dagen. For sjølv med anar i den norske husmansstanden går det an å eta laks, aller helst FirstPrice-laks - også kjend som salmo salar unapricius.

Fyrst må me slå ihjel nokre myter:

1. FirstPrice-produkta er mindreverdige og skadelege.
Tilsvar: Kjedene sine eigne merker byggjer på det ein veit fungerar, og utan R&D kan ein sjølvsagt senke prisen.

2. FirstPrice-dyra får dårlegare fôr enn andre dyr.
Tilsvar: FirstPrice-dyra et sjølvsagt FirstPrice-fôr, dei er ikkje dumme heller.

Og no lat oss halde fram om lakselordar og anna godtfolk:

500 gram laksefilet selgast i kolonialen til omkring 35 kroner. Her fylgjer det 4 filetar á 125 gram med, også kjend som 4 porsjonar. Frå førre kurs i KOLO101 kjenner me til at 1 kg poteter kostar 3,90. Etter læreboka et ein då 250 gram poteter til 125 gram laks, noko som summerar seg til i underkant av 10 kr. Set til ein dråpe rømme eller smør (Obs! FirstPrice) og gildet vil koste deg 11 kroner. Lev som ein lakselord, men ikkje kast laksen ut att - et han! Me seier som Erik Solheim: Det er livsfarleg å late vera.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar