laurdag 3. oktober 2009

Handleturen

av SR

For nokon ligg terskelen i å bevega seg utanfor si eiga ytterdør, men for meg ligg terskelen i å bevega meg inn døra til butikken.

Det var ein heilt vanleg laurdag i sparebloggaren sitt liv, men det var noko som ulma.

...Det var innkjøpsdag!

Det er jo kjend at for oss er det å reisa på butikken noko me gjer med blanda kjensler. Å måtte svi av fleire hundre kroner på noko så sjølvsagt som mat riv ikkje berre i lommeboka, men òg i hjarta. Men ein skal visst nok elska òg sin fiende, og alltid sjå lyst på livet, så eg heiv på meg sekken og kasta meg på biltema-sykkelen min for å nå over flest mogleg butikkar på kortast tid.

I forkant hadde eg sjølvsagt sett meg godt inn i kva tilbod som var i dei ulike butikkane, så alt låg til rette for billege innkjøp.

Fyrst gjekk turen til Europris, for så å bli skuffa over at hermetikken var utseld. Slukøyra sykla eg vidare mot neste butikk for å nytta meg av denne vekas 40%-tilbod, som altså ikkje er på polet, men Mega (denne sparsommelege butikken, som stundom tek på seg spanderbuksene). Den helga var det Toro sine supper og gryter som var på tilbod, men diverre lukkast det ikkje å lura mannen i kassa til at òg mousakaen var på tilbod. Turen gjekk vidare mot Rema for å hamstra billig leverpostei. Eg plukka så opp tre student-goodiebags, og så var marerittet over. På veg heimover såg eg stakkarane som tok heile helgehandelen på Meny gå ut av butikken uvitande om livet på den andre sida, men med ei merkbart lettare lommebok.

Sjølv om det å bruka minst mogleg pengar når det fyrst skal handlast kan vera oppløftande for ein kvar, vil det nok aldri kan bli like bekymringslaust som livet til denne videobloggaren:

http://www.youtube.com/user/amandavardet?blend=1&ob=4#play/uploads/8/aNC2okabvXk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar