av KR
Eyvind Hellstrøm sjokkerar igjen, iallefall ifølge VG. Denne gongen er det kokkekollega Erling Sundal som får gjennomgå av meistarkokken. Hellstrøm omtalar Sundal med verdas eldste yrke, for å ha stilt opp for Rema 1000 og reklamert for "middag te onder hondrelappen". Ingen pengesum er stor nok for at Hellstrøm skal stille opp for Rema-Reitan. Me i Sparebloggen skjønar godt at Hellstrøm reagerar, og hadde gjerne sett han gjekk enno hardare ut mot Sundal.
For det fyrste er middag til under 100-lappen for Rema og Sundal einstydande med middag mellom 50- og 100-lappen. Sundal er sunnmøring og bør halde seg for god til å i det heile antyde at middag til mellom 50 og 100 kr er billeg. På sunnmøre er ein slik sum stor nok til å mette ei mellomstor bygd i fleire vintrar. Det Sundal her gjer er å stå i med Reitan, nett slik Hellstrøm antydar, og leie hans krosstog mot den norske daglegvareforbrukar. At enkle middagsrettar kamuflerast som french cuisine og selgast "te onder hondrelappen" er ikkje godt nok for oss i Sparebloggen, når dei same rettane fåast kjøpt hjå FirstPrice, Landlord eller Euroshopper til under 20-kroningen!
Du godaste Sundal. Du skal byrje hjå oss, du Sundal. Her i Sparebloggen serverar me middag te onder tjugekroninjen!
Vel bekomme!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar