måndag 2. november 2009

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Endeleg er ho her, svineribba til 29,90 (obs tynnribbe). Me var på nippen til å anbefale på 39,90 for nokre veker sidan, men juletradisjon tru så kjem tynnribba på 29,90 når me bikkar november. Intet er nytt under solen, og Joker leverar denne veka. For dei som likar sjokolade vil me tilrå firkløver, helnøtt og fruktnøtt til 17,90. Dei meir 'moderanes' sjokoladerutene med Daim og Nonstop styrar me klar. Det sunne alternativet er grøne druer til 14,90 kr kg, men ver varsam; det var 9,90 kr kg for nokre veker sidan (Coop Mega).

Vekas tikroning er Fiskemannen sine fiskepinnar 300 g, me frårår og tilrår heller FirstPrice sine til halve kiloprisen.

* Coop Mega
Mega fører kjøttdeig 400 g til 24,90 denne veka, som kjend plar me vente til 19,90. Er du i beit frårår me å kjøpe meir enn ein pk. Mega har ostebord denne veka, her er det gode moglegheiter om du vil verte flådd. Så styr unna. Det same gjer du med sjokoladen som Mega sel til 19,90, Joker har som kjend same tilbodet til 17,90.

Me vil tilrå X-tra sine mariekjeks 600 g 12,50, dette er særs billeg for noko som ser ut til å vera nærare 200 kjeks. Sjå for øvrig innlegget om kaffibesøk for vel to veker sidan.

* Coop Obs! Hypermarked
Hypermarknaden køyrer denne veka ein tradisjonell tikronarsmarknad. Gode tilbod er som vanleg Findus sin fiskegrateng, kremost frå Tine, Denja-salatar og blodpølse. Synnøve Finden til 45 kr kg er heller ikkje gale, særleg om du mista Joker sitt tilbod på 39,90 for nokre veker sidan.

Coop minnar oss på farsdagen 8. november. Me tilrår ei blodpølse til 10 kr. Blodmat fell alltid i smak på runde dagar og andre dagar!

* Rimi
Nok ei veke med luretilbod, jf førre veke.

* Spar
Tikronarsmarknad som førre veke, men nytt i sortimentet er Ali kaffe til 10 kr. Tynneribbe skråstrek familieribbe 29,90 pr kg, skriv Spar, ver difor obs i frysedisken.

* Bunnpris
Tynnribbe 29,90 som fleire aktørar. Lutefisk av torsk til 24,90 pr kg, det sjeldan torsk er så billeg - men maten er då også ille medfaren. Farmer's kaffe til 19,90 styrar me klar av, då me tilrår Spar sin Ali til 10 kr. Elles mykje gode FirstPrice-produkt hjå Bunnpris, av høgdepunkt trekk me fram kaviaren til 8,90 - men ver obs skarp på smak.

Det var tilbodsveka. På det jamne, me trekk fram tynnribbene til 29,90 pr kg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar