onsdag 4. november 2009

Positiv kynisme

av SR

Ordet kynisk har fått eit ufortent dårleg rykte. Kven har sagt at det å vera kynisk er noko gale? Truleg dei same som kjøper kjøtdeig til 40 kroner for 400 gram medan dei klagar over First Price sitt dopapir.

For oss spararar er kynismen ein ideologi. Det er utruleg mykje bra å henta, berre ein torer å tenkja litt alternativt, og legg redsla for stygge blikk til sides.

I dag er det ikkje uvanleg med radarvarsling, kjendisvarsling og anna sløseri på SMS. Før Sparbloggen kom var det utvilsamt ein udekka marknad for tilbodsvarsling. Ein kan gjerne kalla det kynisk å tømma butikken for tilbodsvarer, men eg vil kalla det positivt kynisk. Ein marknad som ikkje er dekka endå, er SMS-varsling om kvar det blir levert ut gratisprøver ol. Utanfor utdanningsstader er det ikkje uvanleg med sokalla studentposar. Her er det berre å forsyna seg, personleg rekord er seks stykk. Då hadde eg ikkje plass til meir. Rett nok mykje drit i dei posane, men det er ikkje verre enn å ha ei bosbøtte lett tilgjengeleg. Elles er Arbeidarpartiet sine roser ei klassisk gåve til dama!

Vidare er det ein klar favoritt å be med seg nokon ein veit betalar på restaurant. Alltid ein slager, både sosialt og økonomisk. Skulle du vera så heldig å snuble over fri bar/tøm tankane, er det berre å meska seg. Dei som er rundt deg kjenner deg stort sett ikkje, og fleirtalet vil truleg ikkje hugsa kor grisk du var dagen etter uansett!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar