fredag 20. november 2009

Takk, eg klarar meg med brille frå Nille

av KR

Optikarane, desse fiendar av samfunnet, har over ei årrekke tent godt på spararar og anna godtfolk som ikkje har turt gjera anna enn å stole på optikaren. Som kjend må den som ikkje vil opne augene, opne lommeboka. Kjøp desse dyre brillene elles mysser du synet. Me mysser ihvertfall haka. Det norske folk vil ikkje lenger betale ein handfull laken for eit par med briller. Sparebloggen lanserar hermed sitt eksklusive intervju med ein ekte augelækjar, som ut i frå hans eige ynskje er anonymisert.

Me spurte huslækjaren om det er skilnad på briller frå bensinstasjonar, nipsbutikkar og optikarkjeder. Vår anonymiserte huslækjar svarte kontant at den einaste skilnaden er prisen og vareutvalet elles i butikken. Men kva er ikkje betre enn å be om eit par briller type +1,5, og samtidig kunne få servert ein trailergrill med rekesalat og ekstra dryss?

Her nyleg mista eg brillene mine, normalt er dette ei katastrofe for den jevne nordmann. Ikkje fordi ein vert gåande i halvblinde, men fordi det økonomiske tapet er merkbart. Sjølv mista eg verdiar til 39,90 kr sist eg mista brillene mine. Surt nok. Som kjend kan ein leva lenge på den summen. Dagen etter kjøpte eg imidlertid nye briller på Nille til 20 kr. Med etui inkludert. Truleg var det brillespesial på Nille den dagen, då det fyrst var i kassa eg vart beden å legge tilbake den eine tjuekroningen... Sjeldan har nokon smilt så breidt på veg ut or Nille, og sjeldan har nokon smilt så breidt på veg heim. Og sjeldan har nokon smilt så breidt resten av kvelden.

Eg har brukt Nille-brille i fleire år, og har aldri sett betre. Jau, takk seier eg til optikarane, eg klarar meg fint med brille frå Nille.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar