måndag 16. november 2009

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas hovudtilbod er Sørlandsis (2 liter) til 17,90. Mennesket treng neppe is for å overleve, så me oppmodar dedikerte spararar til å styre unna tilbodet. Me trur imidlertid dette er billeg, 8,95 per liter høyrast ihvertfall billeg ut. Me tilrår difor krokanisen, men styr unna gullvaflene. Det er eit klassisk, dyrt luretilbod som akkompagnerar hovudtilbodet (og sørgar for marginane).

Utover dette har Joker lite å tilby denne veka. Gilde sine karbonader går for 49,88 kr kg, noko som leiar oss over på Spar som sel FirstPrice-karbonader til 35,50 pr kg.

* Spar
Pinnekjøtet går for 99 kr kg denne veka, men som kjend er pinnekjøt stort sett berre beinsplintar med kjøt- og fettslintrar. Også denne veka tilrår me difor tynnribbe av svin til 29,90 kr kg. Her får du minimalt med bein, knapt flesk og mykje kjøt om du saumfarar frysedisken. Kan ein krevje meir? Faktisk; sjå Rimi.

Edamerostane har byrja å kome i handelen. Me frårår Edamer så lenge det luktar av jul i butikkane. Edamerane kjøpast helst på tilbod i januar og februar. Kjøpars marknad, må vite. Det same gjeld for øvrig marsipan, mandarinar o.l.

* Meny
Denne veka synast Meny mest opptekne av noko dei kallar raudnasedagen, og dei sel raude naser til 25 kr stk. Me tilrår raudnase frå Vinmonopolet.

* Rimi
No gjev me oss ende over her i Sparebloggen. Rimi leverar for fyrste gongen på lenge, og truleg har presset frå vår side hjulpe på. Denne veka hjå Rimi får du tynnribbe (med ruter!) til 29,50 pr kg. Gryteferdig pinnekjøt til 89,90 pr kg. Kalkun til 27,90 pr kg, som førre veke. Mista du svinesteikveka hjå Joker, får du denne veka plaster på såret frå Rimi; røykt svinesteik 49,90 kr kg.

Me vil likevel ikkje frita Rimi heilt frå gamle synder. Findus fiskegrateng 500g omtalast som kampanjevare og selgast til 24,90 kr, som kjend får ein stadig Findus fiskegrateng 450g til 10 kr på 10-kronarsmarknadar landet rundt.

* Coop Marked
Nykommar på Sparebloggen. Denne veka tilbyr Coop Marked kjøttdeig (400g) til 16,90. Dette er eit særs godt tilbod, så me oppmodar samtlege spararar til å leite fram nærare Coop Marked-butikk!

* Coop Mega
Ingen særskilt oppsiktsvekkande tilbod denne veka.

* Coop Obs! Hypermarked
Obs held sokalla fryseshow denne veka, det tyder 40% på eit utval av Findus-produkt. Utvalet er imidlertid skuffande, og samtlege varer kjøpast billegare hjå FirstPrice.

Coop sin appelsin- og eplejuice selgast frå kartong til 6,67 pr liter. Dette kan vera eit særs gunstig tilbod om du også vatnar ut juicen 50-50 eller høgare vatningsgrad.

Til sist frårår me Coop sine nissedokker til 229 pr stk. Dette er både latterleg og useriøst frå det gamle Samvirkelaget. Skjerp dykk!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar