søndag 18. april 2010

Med matpakke og termos

av KR

Fyrst av alt må me be om orsaking for denne påskestilla som har truffe bloggen. Nettlinja mi stod ikkje opp att tredje dagen, og SR gjekk vel lei av å vikariere for meg. Nok om det! Her kjem nokre refleksjonar om matpakken.

Kantina er ein arena for overføring av pengar frå dei mindre bemidla til dei bemidla. Du har sikkert sett mange meske seg med kantinemat dei påstår er billeg. "Denne skiva med ost og paprika kostar berre 20 kr, dette eplet utan stilk kostar berre 10 kr og denne kaffien frå automat kostar berre det doble". Du sit der med kaffi på termos og velsmurt matboks (du kastar sjølvsagt ikkje bort pengar på matpapir). Og smiler. Ikkje berre får du bruke kantina gratis, du er også forsynt med gratis fløte, sukker, mv (berekna på betalande gjestar). Berre her ligg det ein mogleg gevinst på 5 kr dagen, om du då ikkje like godt forsynar deg for resten av veka. Dum, sløsande kantinegjest derimot, heretter omtala som Linni M, brukar i gjennomsnitt 50 kr på kantina kvar dag. Me reknar 240 kantinedagar i året, og gildet kostar Linni M 12.000 kr i året.

Ein gjennomsnittleg sparematpakke med termos kostar 3 kr. Me reknar her 4 heimebaka brødskiver (5 kr per brød), ei krone i pålegg (skinke eller servelat frå FirstPrice til 90 kr/kg) og ei krone for kaffien (8,90 kr for 250 g Cirkel-kaffi). Om du er fin på det kan du legge til nokre kroner i året for plastpose (100 stk for 10 kr FirstPrice). Desto mindre om du føretrekk plastposegjenbruk, vaskar og heng opp gamle plastposar (enno ei spareblogg-gullgruve!). Totalt vil eit regime med sparematpakke koste deg 720 kr i året, og du har då kaffi til overs som nytast resten av dagen. Pay yourself first!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar