fredag 13. juli 2012

Restekjærleik

av SR

Sommar er sesong for gjestar, med alt det inneber av restar. Me har tidlegare omtala korleis restemiddagar kan få sin renessanse under namnet tapas. Når me kom over boka Restekjærlighet, låg det i dagen at me måtte ta oppatt tråden frå Smalhans.


Denne boka er på same måte som Smalhans i sparebloggen sin and. Her blir verdiane restar representerar understreka, og heile konseptet er bygd på å få full effekt av alt ein har i kjøleskapet.

Når det er sagt så er det naturleg nok ikkje slik at ein finn ein fullverdig rett for ein kvar rest. Boka er bygd opp på den måten at ein tek utgangspunkt i den resten ein har, og at ein kan bruka den i ein annan og ny rett. Her kjem det geniale stikkordsregisteret bakerst i boka til full nytte. Der kan ein td. slå opp på brun saus eller øl, og ein finn rettar der ein kan bruka restar frå desse varene.

Boka gir òg ei innføring i mellom anna oppbevaring, tining og når ein kan eta gamal mat. Det mest ekstraordinære med denne boka er likevel den fantastiske delen der forfattarane tek for seg delar av dyra som elles ikkje blir servert. Underteikna meinar likevel dei undervurderar lesarane når torsketunge og smalahove er lista opp her. Men la gå!

Når det kjem til pris er den å få i både innbunden utgåve og pocket. Pocketen får du på capris til under 200 kr, noko som ikkje er feil, men eg meinar å ha sett boka på Rema 1000 til 150 kr.

Det er freistande å gje boka fem av seks moglege sparegrisar, men eg nøyer meg med poeng.

4 kommentarer:

  1. Denne boka fåes til 129,- som medlemskupp hos Coop Mega!

    SvarSlett
  2. av SR

    Ja, kanskje det rett og slett var hjå coop eg såg den billeg, og ikkje på Rema. Takk for presiseringa!

    SvarSlett
  3. av KR

    Det må eg seie, denne sjangeren er verkeleg veksande. Dessutan; ei sparebok som går rett ut på sal til ein tredjedel av bokmafiaen sine regulerte prisar. Revolusjonerande!

    SvarSlett
  4. Lite tips til sparere som ikke bor alt for langt fra en XXL butikk...

    De selger nå en sykkeltilhenger for 499.-
    http://www.xxl.no/sykkel/sykkelvogner-barneseter/sykkelvogner/transportvogn-1070052
    (frakt blir desverre 299, så da blir det like rimelig å kjøpe på Biltema, om den de selger er brukbar. Eg kunne 'forsvare' portoen fordi eg også skulle ha noen andre ting.)
    Den står oppgitt med 30Kg maks last, men min er merka med 40Kg på staget.
    Mer enn nok til å kunne frakte med seg tilbudsvarer fra butikken uten å måtte bruke dyr bensin.
    Eller frakte en oppblåsbar jolle når man skal ut og fiske... eller...
    Det eneste man ikke kan frakte med den er barn.

    Det eneste problemet eg har funnet med den er at festet som skal sitte på akselen på bakhjulet ikkje passer på den litt tykkere akselen på sykkelen min. (Skyldes at eg har EL-motor i bakhulet, og akselen er litt tykkere for å føre ut ledningene. )
    Men det fikser man lett med et bor eller ei rund metallfil.

    SvarSlett