måndag 1. oktober 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Ferske og fryste svinekotelettar til 29,90 pr kg er rimeleg bra, og gjev rimelege middagar for oss småkårsfolk. Vekas tikroning er Denja sin italienske salat frå 200g pk, framleis ikkje i nærleiken av FirstPrice sin italienske på kiloprisen. Entrecôten går til 199 kr kg, noko med helst skulle sett 15-20% lågare.

* Prix
Ny månad, nye moglegheiter. Oktober-dealen er å kjøpe Santa Maria wraptortilla til 31,20, og få med 400 Gilde kjøtdeig. Då billegaste wrap på marknaden ligg omlag 10 kr, tyder dette at du får kjøtdeiga for vel 20 kr. Rimeleg bra.

* Spar
250g Evergood til 19,90 er bra, særleg sett i lyset av siste tids opptur i kaffiprisane der sjølv Cirkel har nærma seg 20-kroningen. Løp og kjøp! Eit anna bra tilbod er picnicskinka 325g til 17,90. Kanskje ikkje det billegaste kjøtet, men du verda kor enkelt. Elles er 800g karbonader til 39,90 høveleg greitt, sjølv om me helst skulle hamstra karbonader i Tr. heim (jf alarmen).

* Obs
2 x 400g kjøtdeig frå Gilde for 50 kr likar me ikkje særleg, då denne skal vera under 20 kr pk. Obs har sikra seg eit parti med Kenwood Major-maskiner som går for 2490 inkl blendar og kjøttkvern. Dette er småbilleg, men ikkje meir fantastisk enn at mpx.no har denne prisen som veiledande. Got wood? Me er særs lunkne til kapasiteten, då denne kenwooden berre har 900w og to uttak. Vent på noko betre før du fleskar til.

* Mega
Byr denne veka på pølse frå Gilde til 40% rabatt. Røykt svinekam til 49,9 kr/kg er heller ikkje feil. Vidare kan du metta mange munnar med ein stor nygrilla kylling til 34,90. Er du coop-medlem kan me tilrå 500g steinfrie druer til 12,50 kr.

* ICA Nær
Fårikålkjøt av lam til 59,90 kr/kg imponerar ingen. Store sjokoladeplater frå Freia til 19,90 er vidare standard tilbodspris. Bunkre opp til sommaren: 50% på is frå DiplomIs!

* ICA Supermarked
Karbonadedeig til 89,90 kr/kg er kanskje fristande, men tyder 36 kr pr 400g. Me vil gjerne sjå 400g karbdeig til 29,90. Fersk torsk til 49,90 kr/kg kan vera bra, om fisken faktisk er fersk - noko me betvilar. Bruk luktesansen meir enn synsinntrykka, dei er flinke til å pynte fisken! Vidare er det 40% på tex-mex frå santa-maria, krabbeskal, krabbeklør, heil krabbe og kongekrabbe. Kva det tyder prismessig er det berre Ica som veit, så ver varsam.

* Rimi
Av mange 3 for 2-tilbod er det berre kaffien som når opp til desken, og det er så vidt. Effektiv pris på Friele 250g vert 18 kr pr pk.

* Extra
Coop Extra, daglegvarehandelens Dr Jekyll & Mr Hyde. Dei kan vera så svindyre som Bunnpris i lange tider, men brått glimte til som denne veka. Når alt såg som svartast ut for kaffiprisen, trør Extra til med coop-kaffi 250g for 15 kr pr pk.

2 kommentarer:

  1. Eh... Om ikkje Kenwood har redesignet Major maskina og tilbehøret så har den 3 uttak; For visp, foran for kjøttkvern osv, og oppå bak, for blender og andre hurtige enheter. Trenger man flere uttakenn det, da?
    900W er ikkje det kratigste, men er fullt ut brukbart selv på store deiger.
    Det selges mange jallamerker med bare halvparten så kraftig motor.

    Bunnpris selger 2 store sjokoladeplater for 40.
    Europris kjører 'åpningstilbud' over hele landet for å feire 200 butikker.
    Eks:
    3 kanner spylervæske 50Kr.

    SvarSlett
  2. av KR

    Majoren har eitt uttak i front og eitt på toppen, medan Major Titanium har tre - med sine to på toppen. Denne veka har Obs modifisert sitt Kenwood-tilbod, der utstyret er fjerna og prisen kutta 1000 kr. I sum ikkje noko billegare, men inngongsprisen til sjølve Major-maskina er då forlokkande 1490.

    SvarSlett