laurdag 25. januar 2014

Grøt, graut, grjot -- utgått på dato?

av KR

Ingenting er som graut. Truleg landets eldste nasjonalrett. Serverast helst i frå steingryte. Billeg er det også. Gryna kostar 10 kr for 750g og kan fôre ein mellomstor landsby i fleire dagar. Det som imidlertid er surt, er å måtte bruke 1 liter mjølk for å få grauten på bordet.

Sparebloggen er raske på labben, men av og til står mjølka over tida også her i garden. Det er velkjend for spararar og anna godtfolk at gamal mjølk skal i graut, brød eller pannekakerøre.

Underteikna hadde denne veka ein liter, som var opna, og dagsett 21/12. 2013 skriv me då. Mjølk frå i fjor er ikkje skremmande, heller interessant slik min kjøleskåpskultur fortonar seg. Det var som om ein kunne høyre fjøslydane frå kartongen i det den gjekk i gryta. Alt skjedde imidlertid utan klumpar, og sjølv fjella ropte hurra! Korleis kunne denne mjølka, som for øvrig var gratisvare, framleis vera god og kvit? Jau, det var som om ein engel gjekk gjennom rommet.

Det var ei verdig feiring i det mjølka passerte ein månad over best før-datoen, samstundes om det var ei viktig påminning over dei sviktande merkingsrutinene til Tine. Eit selskap som skal vera eigd av bøndene må då for pokker kunne verdsette mjølka sjølv om den surnar!

1 kommentar:

  1. Eg brukar alltid utgått mjølk i grauten. Som regel frys eg ho ned når eg ser det begynner å nærme seg utløpsdato, også tar eg ho opp og tinar ho natten før grautlørdag. Men det har blitt sjeldent i det siste siden me nesten ikkje kjøpar melk lenger

    SvarSlett