måndag 19. mai 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
400g kjøtdeig frå Gilde til 22,90. Det byrjar verte lenge sidan me såg retteleg kjøteig av storfe til denne prisen, og me som har gått tomme vil nok nytte høvet denne veka. Moderat hamstring. 1 kg epler til 10 kr.

* Spar
Nygrilla kylling 34,74 kr stk passar fint i di 10-litarskasserolle når du lagar suppe/gryterett. Ytrefilet av svin til kr 99 er i høgste enden, men går til nøden om du treng noko fint kjøt.

* Coop Obs!
Nakkekotelettar 29,90 pr kg er ein klassikar, både på grillen, i panna, i gryta og pølsekverna. 40% rabatt på Coop sin eigen kaffi. Marinert flintsteik kr 59,90 teiknar ikkje heilt til sumar, me ser den nok under 50 kr innan ein månad.

* Kiwi
Diverse overprisa grillmat frå TV-kokken Tina. Me styrar klokeleg unna, ihvertfall inntil datoane byrjar lyse raudt og varene kan hentast gratis.

* Coop Extra
Når ikkje heilt opp med sine 2x400g kjøtdeig til 60 kr. Heller ikkje å selge klassiske tikonarsvarer til 2 for 30 er noko sjakktrekk om me skal entre butikken. Ekstra Lett Melk til 2 for 22 kr er imidlertid innanfor.

* Rimi
Store og små melonar til 10 kr kg, heiter det i vekas reklameblad. Me trudde slikt kosta minst 25.000 kroner. Sumarkotelettar til 29,90 kr kg går me god for.

* Mega
Kjøtdeig av svin 400g til 14,90 er billeg, og hamstring kan tilrådast for den som likar svinekjøtdeig. Sjølv tykkjer me den fort vert noko vassen og tam, men kan til nøds blandast 50-50 med storfekjøtdeig. Flintsteik til 79,90 er derimot reine svindelen. Så det er der kjøpmannen tek da innatte...

* Europris
40% rabatt på motorolje måndag og tysdag! På tide å gjera årets verste jobb med bilen.

* Ica
59,90 kr kg for Synnøve sin gulost. Eit høveleg bra tilbod om du missa hjå Obs tidlegare denne mnd.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar