måndag 13. oktober 2014

Vekas tilbod

av KR

Her følgjer vekas tilbod. Me vil elles alt no reklamere for SR sin test av alt i frå sandpapir til dopapir onsdag!

* Joker
Sokalla tikronarsfest på Joker denne veka, og då forventar me meir enn dei tradisjonelle tikronarsmarknadsvarene. Joker har mellom anna 1,5l juice frå Eldorado til 10 kr, tre stk paprika, ymse torosausar, 0,33l clausthaler og enno fleire dyre, unyttige tilbodsvarer. Somme tradisjonelle tikronarsvarer finn ein i Tine Kremost og King Oscar sine sardiner. Dei to sistnemnde er for så vidt billege tilbod, men me finn sardinene til FirstPrice minst like billege og velsmakande.

* Spar
Nygrilla kylling til 35 kr har etterkvart vorte standarden, men kyllingane vert ikkje større med åra, snarare tvert om. Me lengar framleis attende til tida der 29,90 var å finne overalt. Om me byrjar og verte gamle? Nei, berre gnitne.

* Rimi
Så enda det slik som me har spådd i fleire år. Ica, med håplause Rimi i si portefølje, er ute av norsk daglegvaremarknad. Og det er ein siger for forbrukarane, Konkurransetilsynet kan ikkje tru noko anna! Rimi har bidrege til å halde prisane oppe i norsk daglegvarehandel med sine utspekulerte tilbod, snedig prisa varer og generelt høge prisnivå. Denne veka får ein 250g Friele til 15 kr, 4 pizza grandis til 100 kr og norske epler til 19 kr kg. Ingenting å rope hurra for, sjølv om veiledande ligg noko høgare. Me bakar pizzaen sjølv, takk.

* Ica
Stor tikronarsmarknad denne veka, eller ein forsmak på opphørssalet? 250g kronekaffi til 10 kr tek me med oss, sjølv om me normalt føretrekk europriskaffien på tilbod. Utanom dette finn ei alle dei kjende tikronarsvarene, også 400g blodpølse og lungemos. Sistnemnde Noregs mest undervurderte middagsrett? Sjå fram til test på Sparebloggen seinare denne hausten! Me må fyrst manne oss opp...

* Coop obs
Gjer som Nordthug og køyrer i grøfta. Dette har me ikkje sett dårlegare på fleire månadar. Kvitosten går til 59,90, ein ublu pris på ei vare me skal ha under 50. Elles for det meste berre tilbod på kliss, som Pepsi max, chips og juice 1,5l til ein pris som langt overgår Joker.

* Mega
Fersk seifilet til kr 59,90 er noko i overkant for oss, ettersom også torsken i ei heldig stund dukkar opp fersk til denne prisen. Elles er det då nok av seiblokker til ein langt billegare pris å oppdrive om ein absolutt vil eta sei. Dette er ikkje ein fisk me tykkjer er fin nok til å eta fersk mot prispremium. Også Mega har juice 1,5l på tilbod denne veka, og er ikkje verre enn at dei doblar prisen til Joker...

* Kiwi
300g laksefilet (orsak; lakseloin) til 54,90 er kanskje årets dårlegaste fisketilbod. 185 kr kg for laks i ei tid der prisane er svakt fallande kan ikkje karakteriserast som anna enn ufisk. Derimot er det langt betre kva gjeld lammelåret, som denne veka går til 57,90 kr kg. Ypparleg slik det er, men også til salting og speking.

* Europris
Halv pris på motorolje, 4l av premiummerker som Mobil og Total til kr 199,50 er kanskje forlokkande, men svakt dyrare enn standardprisen til Biltema. Også Biltema sin motorolje vert, så vidt me kjenner til, også prosessert av anerkjende oljeselskap... Tilbodet gjeld berre til tysdag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar