fredag 13. august 2010

Handlekørja

av KR

Me ser stadig sløseri på daglegvarebutikkane, og vil med dette koma med ei oppmoding til alt godtfolk. Legg i frå dykk handlekørja, handlevogna og andre artefaktar med stort volum. Daglegvarebransjen kan verke snill som byr på gratis handlekorg eller -vogn, men bak ligg det kyniske tankar. Jo større vogn du trillar rundt med, til meir ramlar også nedi. Gå difor rakrygga forbi handlevognene, målretta med di handleliste og bær med deg alt du skal ha i armkroken. Med dette handlar du meir rasjonelt, og unngår impulskjøp og anna fjaseri. Det du ikkje klarar og bære ut, treng du heller ikkje!

Om du mot formodning ikkje lyttar, og likevel nyttar, ei handlevogn. Sørg ihverfall for å putte på ei stoppskive istadenfor ein tikroning. Selg så handlevogna di til kunden som kjem forbi til kr 10. Kunden vil nok takke mykje, men aldri har du vel fått betre betalt for eit stoppskive.

3 kommentarer:

  1. haha, vekas svindlerskule?? :D

    sykt bra blogg. du skriver bra kristian!
    når kommer boka om sparing?

    SvarSlett
  2. av KR

    Jau, takk. Boka kjem straks me finn ut korleis me printar ut heile bloggen i ei handvending! Deretter sender me blekka til TV3, og får skallen til Hallgeir Kvadsheim på framsida. Med litt flaks hostar forlaget opp klisterlappen "som sett på TV!", og salet kan byrje.

    SvarSlett
  3. Høres ut som en plan :D

    SvarSlett