laurdag 23. februar 2013

Mammutsalet

av KR

Sparebloggtradisjon tru kvesser me støyttennene (applaus, takk) og kjem her med tilrådingar for årets Mammutsal. Kvifor ikkje ta julehandelen alt no?

* Vedboka til Lars Mytting har hamna på Mammutsalet år, men prisen er då (drum role) brennbar og heile 179 kr.

* Coffeetablebooks er ein klassikar på Mammutsalet, og Laurtizen si bok FjellNorge går her for NittiNi kroner.

* Fjodor Dostojevskij er ein av dei forfattarane me berre høyrer i frå på Mammutsalet, og dette året har han tydelegvis kome med ei ny bok (orsak oss, me veit ikkje betre) nemleg Netotsjkas barndom til kr 79!

* Knausgård er ein gjengongar på årets Mammutsal med prisar frå kr 99 til 149 for innbundne permar. I fare for å høyrast ut som indremisjonsdamer, seier me "tenk å utgje slikt på stiv perm..."

* For patrioten tilrår me dette året utgjevinga Instilling fra Undersøkelseskommisjonen av 1945. Ingen avvik avdekt, naturlegvis. Og det berre for 99 kr! Me går ut i frå at bokkjøpet kan trekkast frå på likninga.

* Punk er ikkje berre US/UK og siste halvdel av 1970-talet. Det syner Mathiesen i si bok om Norsk post-punk 1980-1985 til kr 149.

5 kommentarer:

  1. Smalhans er òg på mammutsalget i år!

    SvarSlett
  2. av KR

    Takk for tipset. Særs smalhansvennleg!

    For nye lesarar:

    http://spareblogg.blogspot.no/2011/11/smalhans.html

    SvarSlett
  3. Med mindre det er noe spesielt (og norsk) jeg ser etter, foretrekker jeg å handle bøker på nett. Norske bokpriser er så hinsides at jeg heller kjøper og leser fem engelske bøker enn én norsk bok til samme pris.

    Mammut-salg kan bli en dyr affære om man ser seg blind på avslagene og ikke tar høyde for hva bøkene koster i internasjonal utgave.

    SvarSlett
  4. av KR

    Heilt einig. Internasjonale bokhandlar eignar seg særs godt for engelskspråkleg litteratur, særleg faglitteratur, og for tida nyter me godt av både svak pund, euro og dollar.

    SvarSlett
  5. Forekommer meg at Mammutsalget er skapt for å bli kvitt bøker de ikkje klarer å få solgt resten av året.
    (Derav navnet; bøker og forfattere som burde vært begravd i permafrosten i Sibir)
    Det å jakte på de få gode tilbuda er så frustrerende at det er like godt å hoppe over hele greia og kjøpe de bøkene man vil ha til full pris...

    SvarSlett