måndag 15. juli 2013

Tilbod

av SR

Spar
Markerar sommaren med grillpølse frå Gilde til 19,90 for 600 gram. Elles får du 40% på nektarinar og div. pizza frå Dr. Oetker. Vidare er det lite å seia på avokado til 9,90 - oftast både større og finare enn to-pakningane til 29,90!

Joker
Nesten ein kilo kyllinglår til 39,90 er ikkje feil, det same gjeld isbergsalat til 10 kr.

Mega
Styr unna luretilbodet til Mega denne veka. Det er ikkje 40% på all ost, men skiva ost. Med andre ord same kilopris som ost i bit. 30% på coop-kaffi, Lano og div. tannkrem og 40% på melonar er derimot innanfor. Elles er blå druer til 14,90 kr/500 gram òg fint.

Europris
Truser og boksarshortsar til 20 kr stk!

Obs!
5 kg 70/90-reker til 199 er absolutt innanfor mtp. storleik. Vidare er flinksteik til 29,90 rekorsterkt levert frå Obs! Òg her får du grillpølser frå Gilde til same kilopris som spar, men under den føresetnad at du kjøper ein tre-pakning. Kjøtdeig frå Gilde får du denne veka til 2 x 400 gram til 50 kr, noko som er innanfor. Vidare er det 40% på aprikos, nektaring, plommer og ferskenar.

Matkroken
Sommarkotelettar til 29,90 kr/kg er som musikk i ein sparar sine øyrer. Vatnmelon til 8,90 kr/kg er òg innanfor.

ICA Supermarked
Ikkje noko å skryta av her.

Bunnpris
Same gamle.

7 kommentarer:

  1. I dag var det 10Kr tilbud på Cider på Europris, som ett av deres 'mandagstilbud'.

    flere butikker har spesielle dager(Er det ikkje en dagligvare som har mandagstilbud på dagligvarer. Noen få prosenter)

    Bunnpris har sine middagstilbud for hver ukedag.
    Joker har billig(6.99) smågodt på fredag og lørdag.
    Europris har sine mandagstilbud, og smågodt til 5.99 på lørdager.
    Noen som kommer på flere?

    SvarSlett
  2. av KR

    Det dekkjer dei kjende, ja.

    I motsett retning har Joker sin "blåmåndag", tilbodsavisa deira byrjar fyrst å gjelde frå tysdagen. Truleg for å gje kjøpmannen tid til å bære ut varene, samstundes som ein ila måndagen får melka kortsiktige kundar som har gått tom for varer ila helga.

    SvarSlett
  3. Er litt forvirret når det gjelder Europris, synes jeg så noe kjøp 3 betal for 2 greier enkelte mandager reklamert i selve butikken.

    Ellers har Europris noen fine 10 og 20 kroners tilbud denne uken. Boksershorts til 20,- er bra, for de som ikke trenger å ha fancy merkevarenavn på trusa.
    Utover det så var så og si alt av cookies og andre godsaker ribbet hos min lokale Europris, ikke rart vi blir feite :)

    SvarSlett
  4. Europris bruker normalt å bare annonsere mandagstilbuda i butikken, ikkje i brosjyra. enten fordi den ofte ikkje kommer frem til kundene på tirsdag, eller (mest trolig) de vil at kundene stikker innom for å sjekke.
    (Når du likevel er innom blir det jo til at du handler litt... )

    SvarSlett
  5. REMA i Molde(bare handla på Reknes, men kansje de andre også?) selger Oscar Sylte Ananas brus til 10Kr +Pant for 1,5L flasker i forbindelse med Jazzfestivalen.
    Om ikkje det får oss i festivalstemning veit ikkje eg...

    SvarSlett
  6. av KR

    Flott at boksarshortsane her er nemnt. Var sjølv innom Europris og plukka opp fire boksarar. Var ikkje merka med nedsett pris på stativet, men beteninga kunne stadfeste at dette nok var årets tilbod på underklede. Prisa ned frå 69,90 til 20. Sparebloggen kjem attende med varetest.

    SvarSlett
  7. de fleste kiwier i bergensområdet har prior sin kyllingkjøttdeig til 16,90 pr 400 gram denne uken, de har ett stort parti som går ut den 22/7

    SvarSlett