måndag 9. september 2013

Tilbod

av SR

Spar
Har denne veka 40 % av på heil grilla kylling, brokkoli, blomkål og gulerøte. I tillegg får du 30 % på div. oppskoren spekemat frå Grilstad.

Joker
Slår denne veka stort opp eit bullshit-tilbod: 10 kr/kg for poteter i september er ikkje mykje å dansa for. Såg seinast sist veke at standardprisen hjå Rema var 8,90 kr/kg. 250 g Ali-kaffi til 9,90 er derimot innanfor, det same er 200 g italiensk salat til 10 kr.

Matkroken
14,90 kr/kg for grøne druer er langt innanfor, synd det ikkje kan hamstrast i ugjæra form. Vidare får du 3 for 2 på div. ferdigprodukt frå Findus. Lammelår til 99 kr/kg er lågare enn vanleg, men framleis bra potensiale for prisfall.

ICA Supermarked
Òg her får du grøne druer til 14,90 kr/kg. Vidare får du eit bra utval i ulike typar fårikål-kjøt, men prisen er så som så. Vekas fisk er lettsalta torsk til 79,90 kr/kg i ferskvaredisken, noko som er innanfor. Er du av den sarte eller luksuriøse typen har ICA denne veka 40% på lambi toalettpapir og kjøkenrull. 40% er det òg på alle unnhygieneprodukt frå Colgate. Vidare er det 30% på ei rekkje nye produkt.

Bunnpris
Har sett i gong taco-krakket sitt att, denne gongen òg med alle aktuelle salatingrediensar til 12,90 pr. stykk.

Mega
Byr denne veka på lettsalta torsk til 79,90 kr/kg, og sei til 59,90 kr/kg. Mykje bra prisar på andre typar fisk òg, mellom anna ishavsrøye til 119 kr/kg. Vidare er det 40% på kaffi frå Coop, og 30% på div. store sjokoladeplater frå Freia. Òg her får du grøne druer til 14,90 kr/kg, fyrste teikn på eit krakk på druebørsen?

Obs!
Kjøtdeig frå Gilde får du til 24,90 kr/400g, store jogurtbeger frå Tine til 9,90, 4 lanoprodukt til 50 kr og 5 store Freiaplater til 100 kr. Dette er berre litt av det Obs! har å by på. Ei bra veke!

4 kommentarer:

  1. av KR

    Europris sitt hermetikktilbod 12 for 30 kr er også fint å nytte seg av. Sjølv bunkra eg opp i august. Elles har Europris senka oljeprisen denne veka, og sel semi-synt 5 liter for 199 kr. Heilsyntetisk får du for 299.

    SvarSlett
  2. Hei!
    Kvifor tek de ikkje med rema 1000 sine tilbod her på bloggen? ikkje berre er dei kåra til billegaste butikk, men dei har også ein del gode tilbud for tida! :)

    SvarSlett
  3. av SR

    Hei!
    Det er fordi Rema i altfor lita grad marknadsførar tilboda sine. Dei er meir opptekne av oppskrifter enn tilbod. Synd, for som du seier har dei ein del gode tilbod, men samstundes er ikkje desse landsdekkjande, noko som òg gjer det vanskeleg å omtala dei her.

    SvarSlett
  4. Er det noen som har testet LED-pærer med normal sokkel (E27)? IKEA selger LEDARE LED-pære til 39,-. Har kjøpt inn et par til bruk i utelysene.

    SvarSlett