onsdag 19. februar 2014

Oppfrisking av gamalt brød

av KR

Det er ikkje berre i dag ein er opptekne av nøysemd og forsiktig livsførsel, men også i gamledagar opptok emnet folk flest. Frå sørvestlandet har me motteke fylgjande artikkel frå 1966, opphavleg trykt i eit venstreblad kalla Hardanger. Emnet tør framleis vera aktuelt, og brødristaren er like skummel i dag som han var den gongen.

***
Brødristaren er eit nyttig hjelpemiddel når me vil friska litt opp på gamalt brød
Men det er mange ting å vera merksam på ved kjøpet

Rista brød er noko me et av mange grunnar, - enten kan me ikkje tåla anna brød, eller me vil friska opp litt gamalt brød, eller me et rista brød rett og slett fordi me tykkjer det er godt.
Dei elektroniske brødristarane har etter kvart blitt populære og det er mange typar av dei på marknaden. Den eine kan sjå finare ut enn den andre, - og det kan derfor vera vanskeleg å velgja den rette. Men igrunnen treng ikkje valet vera så vanskeleg berre me held hovudet kaldt og er merksame på eindel praktiske detaljar.

Brødristarane kan i grove trekk delast i to hovudgrupper:
* Manuelle brødristarar der me sjølve må halda eit auga med ristinga.
* Automatiske brødristarar der ein termostat koblar ut straumen. Det er to måtar dette kan gjerast på, - nokon termostatar er tidsinnstilte medan andre er temperaturinnstilte. Dei sistnemnde gjev den sikraste ristinga av brødet.

Kva for ein type ristar me no bestemmer oss for, - så bør ein sjå etter desse praktiske detaljene:

1) Brødristaren må vera slik at me ikkje kan risikera å brenna fingrane hverken på sjølve ristaren eller på dei varme brødskivene. Det er ristarar med ein spesiell innrettning til å taka brødet ut av ristaren med, slik at ein slepp brende fingrar.
2) På dei manuelle brødristarane - der altså termostaten koblar ut straumen - må det vera ein brytar slik at me slepp bråket med ledning og støpsel.
3) Brødristaren må ha varmeisolerande handtak slik at den kan flyttast når den er heilt varm.
4) Smular som samlar seg inne i brødristaren må lett kunna fjernast.
5) Ein brødristar må stå stødigt og godt slik at den ikkje lett tippar over og gjer skade under bruk.
6) Ein brødristar som ristar på begge sidene på brødskivene på same tid, er å føretrekkja framfør dei typene som ristar på ei og ei side om gongen.
7) Ristaren må kunna rista eit høveleg skivetal om gongen.
8) Utenlandske prøver har synt at det i realiteten er liten skilnad på korleis dei manuelle ristarane ristar brødet. Her er det meir opp til den einskilde å regulera ristinga sjølv.
9) Noko annerleis stiller det seg med dei automatiske ristarane der termostaten sitt reguleringsområde kan variera sjølv frå ristar til ristar av same type og fabrikat. Det kan derfor her vera noko meir usikkert om me er heldige å få tak i ein ristar med ein teneleg og god termostatregulering. Me ynskjer oss sjølvsagt ein brødristar som korkje brenner brødet eller ristar det for lite, men med dei moglegheitene til å rista brødet slik me ynskjer det.

Til slutt eit par ord om bruken av brødristarar:

Ver aldri freista til å 'fiska opp' brødskivene med ein kniv, strikkepinne eller andre skarpe gjenstandar. Det er lite som skal til før skaden kan vera ute både på ristaren og på oss sjølve. Ver vidare varsam så ristaren ikkje vert utsett for vatn, - og hald born borte frå ristaren også når den ikkje er i bruk.
                 I.B

1 kommentar:

  1. Takk for tips. :)
    Eg er ikkje så glad i rista brød, så eg har helde meg unna brødristar til no. Då lager eg heller arme riddare eller brødkake i staden.

    SvarSlett