måndag 3. februar 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på all texmex, men pass på FirstPrice. Kremfløte 10 kr pr pk er eit sjeldan tilbodsprodukt. 19,90 for Freia sine sjokoladeplater 200g er billegare, men også etterkvart eit vanleg tilbod.

* Rimi
3xFarris 1,5l til 30 kr er bra. Kjøtdeig 700g er framleis dyrt når det kostar 64,90 pr pk. Diverse grønsaksblandingar rundt kiloet til 10-13 kroner er billeg, og ein skjult juvel, men faktisk standardpris.

* Obs
40% rabatt på coopkaffien er bra. Elles klarar me ikkje å verte engasjerte denne veka, nest-beste er Norvegia til 59,90 kr kg. Me har sett det billegare i ostedisken.

* Meny
Med eit særs folkeleg stunt i februar; halv pris på taco heile månaden. Kampanja gjeld diverre ikkje tacomaten til FirstPrice.

* Spar
40% rabatt på heilgrilla kylling, men når tilbodsprisen då er 35 kr stk (1,2 kg) vert me skuffa. Dette er då standardpris frå fleire ferskvarehandlar, sjølv 29,90 er observert seinast i år. Køyrer elles ei 25-årskampanje, der du ved kjøp av utvalde, overprisa varer får 25% rabatt frå Trumf.

* Prix
2x400g kjøtdeig av svin kr 30 gjev billege middagar, sjølv om me har sett kjøtdeiga nede i 10 kr pk.

* Bunnpris
Kyllinglår 19,90 pr kg går godt i gryta. Me må igjen sjå med undring på dei som hevdar det er dyrt å sette mat på bordet i dette landet.

* Ica
Vil du derimot leve litt dyrt og usunt kan du nytte deg av 40% rabatt på BigOne-pizza, eller kjøpe middagspølse til 33 kr kg.

* Mega
Svinekotelettar til 39,90 kr kg er i grunn billeg, men me er bortskjemde til under 30 kr kg.

* Europris
3 x 4 liter spylevæske til 50 kr er eit bra tilbod, og billegare enn Biltema sine kampanjar. Halv pris på superundertøy onsdag-torsdag, 39,50 og 49,50 per del for hhv ung og vaksen. Me går ut i frå at ullgehalten er låg, me slike prisar varmar uansett.

1 kommentar:

  1. Har noen studert Bunnpris sin nye 15Kr middager?
    (Eg fant bare reklamen, ikkje varene da eg var innom en Bunnpris i går)

    SvarSlett