måndag 21. april 2014

Vekas tilbod

av KR

Påska er over og vonaleg kjem me til hektene att med normal celledeling sånn cirka like før jul.

* Joker
Omsider er han attende, Synnøve sin gulost til 41,46 kr kg servert i 480g til 19,90! Her bør det hamstrast i stor stil.

* Mega
900g kjøtpølse til 39,90 er kanskje semi-billeg, men me har sett det til 29,90, og dessutan er det ikkje vidare sunt heller. Lettsalta torsk til 79,90 pr kg er derimot sunnare, og meir mettande sjølv i små mengder. Diverse Findus-produkt 300g-750g til kr 24,90, klassikaren Kapteinens fylte kan vera hastverksalternativet.

* Spar
Frukt og bær med 40% rabatt, det same gjeld fisk frå Findus og vaskepulver frå Blenda. Pass imidlertid på billegare FirstPrice-alternativ!

* Obs
Stor tikronarsmarknad med alle dei kjende tikronarvarene, som inkluderar Tine Kremost, sjømathermetikk, Coop sitt syltetøy, blodpudding og lungemos naturlegvis!

* Ica
Nakkekotelettar til 29,90 kr kg er bra, både i panna, gryta og på grillen. Elles får ein 100g Freia mørk kokesjokolade til 3 for 30.

* Extra
Sokalla grillribbe til 59,90 kr kg er då særs dyrt, når me fekk det same stykket både ferskare og til halve prisen før jul. Ingen vidare gode tilbod andre stadar i butikken heller, så det synast som om plasseringa i VG sin matbørs har gått Extra til hovudet. Me har sansen for kloke kjøpmenn, men styrar naturlegvis klokeleg unna.

* Rema
Framleis diverse 3 for 2-tilbod, der utvalet minkar for kvar månad som går. 6-pk kvikklunsj smakar bra til 19,90.

* Europris
Istadenfor å kjøpe jord til 42,50 kr kg hjå Europris, kan du sende pengar til Spareblogg-redaksjonen. Me lovar og grave ned pengane for deg. Noko meir spanande: 250g Luxuskaffe til 4,90 pr pk er rekordbilleg kaffi, som selgast både filtermalt og kokmalt. Med verda sine stigande kaffiprisar vil Sparebloggen ta dette tilbodet så seriøst, at det leggast på testbordet i neste testspalte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar