måndag 27. oktober 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
2 kg kveitemjøl til 10 kr er eit høveleg bra tilbod, og me kjøper litt sidan me snart er tomme. Elles har julepølsa komt i butikken, lågt kjøtinnhald og nesten 50 kr kiloen for ei kokepylse imponerar ingen.

* Coop obs
2 x 400g kjøtdeig av storfe til 50 kr er passeleg for småkjøp, men langt i frå hamstrenivået. Ferske svinekotelettar til 39,90 er også ein billeg middag, men me føretrekk slikt kjøt helst etter nokre timar i gryta.

* Spar
Stor tikronarsmarknad med alle dei kjende varene. Me merknadar oss Findus 450g fiskegrateng til 10 kr, som er eit rimeleg bra tilbod til å vera ferdigmat. Kan imidlertid gjerast billegare og betre frå botnen av. I tikronarssortementet inngår også klassikarane 400g blodpølse og lungemos. Sparebloggen lovar no snart å manne seg opp til å teste lungemosen, me treng berre litt tid fyrst. Innkjøpet skjer imidlertid denne veka...

* Mega
Norvegia 1 kg 59,90 er ikkje noko me legg stort merke til, knapt kjøper inn, sidan me hamstrar kvitosten under 50 kr kg.

* Kiwi
150 bleiar til 149 kroner. Det einaste me veit er at tøybleiar er meir miljøvenleg, og du er vel miljøvenleg?

* Rimi
2 kg poteter til 14 kr er billeg til å vera Noreg hausten 2014. Ytrefilet av storfe til 199 kr kg er derimot i overkant. Sjå heller etter nedprising pga dato, ein øvelse som skjer oftare og oftare på Rimi.

* Ica
Bankekjøt av storfe kr 99 pr kg er i grunn i overkant for grytekjøt, men er du i beit får du vel ta med deg eit kilo.

* Europris
4-pk trysilsokkar i ull kr 99, elles mykje nips no tett under jul...

2 kommentarer:

  1. Eg var innom EuroPri i dag(stiller ikkje fullt så store krav til snopet om visse andre), og da eg betalte fikk eg et gavekort pålydende 50Kr.
    Bare to begrensningr: Må brukes senest 15november, og du må handle for minst 400.-
    Det første er jo enkelt nok, men det andre?
    Vanskelig å få med seg såpass mye brukbare varer...

    Eg kokte Meksikansk Gryte i helga... Jada, fyda meg, betle så mye for en så liten Toro pose...
    Eg starta kvelden før med å legge 5dl tørkede, brune bnner i vann.
    Så, etter at de var bløtt og kokt skar eg opp 500gram pølser(datovarer) og en stor løk. Skjær smått!
    Dette ble stekt til løken var gyllen, og lempa opp i gryta med bønner og grytemiks.
    Helt på slutten tilsatte eg resten av risen fra dagen før(omtrent en halv liter)
    Det ble middag i går og i dag, og en stabel med porsjoner i frysern. ;-)

    Svinekoteletter kjøpte eg for 19.90 (frosne) på REMA i forrige uke, eller var det uka før?
    (De fikk ihvertfall plass i frysern) Godt mulig at dette var et lokalt (M&R) tilbud?

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett