måndag 17. november 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Vekas tikroning er dronningsjokolade frå Freia til 10 kr per plate. Elles går kyllingfiletane til 59,90 per 700g, noko som er billege middagar for all del, men ikkje noko Sparebloggen normalt inntek som føde.

* Spar
Ingen særleg gode tilbod denne veka. Når 40% rabatt på frossenpizza utgjer førjolstilbodet, kan ein sjølv tenke seg kor stusseleg matvaremilliardærane har det på jolaftan.

* Rimi
Jula er også komen til Rimi. Komisk nok feirast det også her med frossenpizza, denne veka 5 grandis for 100 kr. Kva er det som skjer i daglegvarenoreg?!

* Obs
400g kjøtdeig av storfe til 24,90 har etterkvart byrja verte eit tilbod me tilrår, men berre i små mengder i påvente av 19,90. Elles har ikkje coop teke jol nett enno, sidan klementinane går for heile 16,90 per kg. Me pådreg oss heller skjørbuk enn å kjøpe til slike prisar! Beinfri, røyk svinekam 49,90 er billeg middag, for all del, men me har då sett svinekjøt billegare enn dette. 40% rabatt på all coopkaffi. Moccamaster kr 799 er også eit bra tilbod! Det same er Philips hårklyppemaskin til kr 149, dvs halve prisen av ein klypp hjå frisøren. Ei særs god tilbodsveke på Obs.

* Kiwi
Inga kundeavis denne veka.

* Coop Marked
Når kvitosten ligg på 69,90 pr kg, styrar me klar av butikken. Dette er ei vare som helst bør hamstrast på 49,90, og ein sjeldan gong dukkar opp til 39,90.

* Ica
Gjev deg denne veka fem tips til korleis å unngå depresjon. Oppsiktsvekkande engasjement, kanskje, men ganske talande, korleis daglegvarebransjen legg seg opp i alt som vedkjem det norske folk. Tilboda på Ica denne veka er imidlertid til å verte deprimert av, humre-humre, for når ribba kostar 49,90 luktar det ikkje mykje jolekos. Smilet kjem seg noko når ei kasse klementinar 2,3 kg kostar 19,90.

* Mega
Lutefisk og seifilet til kr 59,90 freistar ikkje oss. Dette er ufisk som ikkje kan handlast over 20 kr kg, til nøds 29,90.

* Europris
Du veit det er jol når peparkakeboksa går til 9,90. Adventsstake kr 29,90 er også eit bra tilbod om du vil fortelje naboen at du òg feirar jol. Dette er at typen som ikkje brenn opp gardinene dine. Knalltilbod med andre ord!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar