laurdag 13. februar 2010

Sparehoroskop del III

av SR

Jomfrua

Sparing, særleg saman med andre, berre svevar av garde så dette blir ei lukkeleg tid. På tilbodsfronten kan du rekna med at nye ting skjer. Saker ordnar seg. Grip sjansane og la ting spire og gro, så kjem òg bankkontoen din til å vekse. Det er ei kjensleladd tid, så hald hovudet kaldt og nervane rolege.

Motto: Det blir så bra!

Vekta
Jobb, familie og bekjente kjem inn i bilete på ein eller annan måte. Dette kjem til å koste pengar! Det kan liggja forandringar i lufta som gjer at du må søkja gode råd frå vener og erfarne spararar. Dette kan gjera deg rådvill og forvirra. Du må vera kreativ, men strukturert nytenking må til. Då løysar du det.

Motto: Ikkje drøym endå.

Skorpionen
Denne veka blir det viktig å vera øm og kjærleg overfor familien eller spararar som står deg særleg nær. Ikkje alle har hatt tid eller moglegheit til å hamstra på billigsal. På jobben kan det demma opp til ei stormfull tid som følgje av ulik handsaming. Kor hardt du vil kjempe er opp til deg sjølv, men hugs at det ikkje må gå utover eigen økonomi. Freist heller å finna gode og kreative løysingar, ingen har nokon gong teke skade av ei kvit lygn.

Motto: Ikkje berre meg sjølv, men pay yourself first.

Skytten
No får du nokon av dei herlegaste dagane denne våren som sparar. Økonomiplaneten Merkur går saman med Venus og opnar opp for både gåver, tilbod og funn. Ei betre tid for sparing finn ein knapt. Har du familie bør du vurdera å setja av fortenesten, for slikt kostar.

Motto: Sjå opp, ned og til sides!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar