måndag 22. februar 2010

Tilbodsveka

av KR

* Joker
Tilbyr 40% rabatt på sjokolade frå Freia. Sjølv ein sparar kan unne seg fruktnøtt eller firkløver så lenge den kjem med 40% rabatt. Obs: ver nøktern. Surra svinesteik til 49,90 pr kg kan også tilrådast. Dette vil gje deg ein middag til 10-12 kr om du legg i nokre FirstPrice-poteter og lagar saus av kjøttkrafta og noko kveitemjøl.

* Spar
Gjer som Joker for nokre veker sidan, sokalla pølsefest med 40% rabatt. Me gjer igjen som Otto von Bismarck og styrar unna. Er du hungrig på pølser kan du kverne sjølv med svinekjøtt frå Joker (sjå over) eller røkt svinekam hjå Spar til 49,90 kr kg. Ei blanding med 1/4 kjøtt, 1/2 innmat og 1/4 mjøl vil gje deg pølser til 20 kr kg.

* Mega
40% på alle Big One og Pizza Originale. Tilbyr også Freia-sjokolade til 16,90 per 200 g, jf mot tilbodet til Joker. Trass i dette sjokoladeskredet må det seiast at Europshopper sel kokesjokolade til 6,90 pr 100g. 40% på kyllingfilet er også verd å ta med seg.

* Rimi
Ingen oppsiktsvekkande gode tilbod denne veka. Dei leverte imidlertid betre enn på lenge førre veke.

* Coop Obs!
5 grandisar til 100 kr er kanskje billeg, men neppe særleg mettande. Karbonadedeig til 39,90 pr 400g veit me er dyrt, og reknar med du hamstra kjøttdeig på Rimi til 19,90 førre veke.

* Prix
Gryteklart pinnekjøtt til 49,90 kr kg er, som SR ville ha sagt, ikkje feil. Det same vil eg seie om karbonader til 31,13 kr kg, ein klassikar frå Prix! For ikkje å snakke om fryste reker til rekordbillege 15,90 pr kg. Det anmodast om fleire Prix-butikkar landet ikring.

Neste onsdag byrjar Luksusfellen att på TV3!

2 kommentarer:

  1. "* Rimi
    Ingen oppsiktsvekkande gode tilbod denne veka. Dei leverte imidlertid betre enn på lenge førre veke."

    Du er ei veke for seint ute, dei hadde kjøtdeig for 19,90 kr i forrige veke.

    SvarSlett
  2. Ja, det er det som står der! Framleis god spareveke.

    SvarSlett