onsdag 21. desember 2011

Julekvelden kom tidleg - Sparebloggen på razzia hjå Kiwi!

av KR

Velsigne juleskrømtet, for det har vore godt mot meg i år - og held fram så det steamar. Høyr berre her! I går kveld skulle eg nett innom Kiwi for å kjøpe meg ein pose kaffi. Eg plar stoppe så vidt ved kjøthyllene berre for å sjekke korleis dei ligg an med datoane, vel vitande om garantiordninga som vedkjem halvt og heilt utgådde varer. Brått peikte ein kylling på meg. Nærare bestemt litt av ganske mange kyllingar. Eg kvapp til; 1,2 kg kyllingfilet med utløpsdato 21.12.11. Eg stod der dagen før dagen.

Faktaboks:
Kiwi gjev deg vara gratis dersom ho går ut den dagen du handlar eller dagen etter. Du får erstatningsvare dersom vara er utgått på dato, og pengar dersom erstatningsvare ikkje fins/kan gjevast.

Roleg og beherska la eg i frå meg kaffiposen, bretta opp eitt erme og skreid til hyllene! Meir kyllingfilet venta, datoar vart sjekka og varer lagt i korga med smil om munnen. Så langt totalt 4,8 kg kyllingfilet frå FirstPrice. Ikkje berre billeg, alt skulle vera gratis. Eg dobbeltsjekka med beteninga, fekk stadfestinga. Vidare til hyllene. To pk grytekjøt frå Gilde kom også fram, totalt nærare ein kilo. Sum 650 kr gratis kjøt denne dagen. Nok til å koke middag for i ein heil månad. Alt av finaste, reinskore kjøt. Det bugna av gratisvarer i hyllene, og eg merka straks at enkelte datoar fordra retur neste dag og dagen der på.

Dag 2. Juleferien er i gong, enno betre tid til å romstere i hyllene til Kiwi. Denne morgonen galdt det å koma seg til hyllene før beteninga luktar lunta (les: varene). Eg hadde spesifikk kjennskap til eit par entrecôtar frå i går, som skulle vera merka 22.12.11 - og følgeleg kunne plukkast gratis i dag. Skuffelsen var stor, eg hadde i min kyllingrus dagen før sett feil pakkedato - ikkje utløpsdatoen. Eg ante likevel råd; gårsdagen synte at dei ikkje hadde kontroll i hyllene. No måtte eg gå grundigare til verks, sjekke kvar ei vare i kvar rad og hylle. Suksess! Ei heil hyllerad med kyllingstrimlar, totalt 10 pakkar (4 kg) merka utløpt 22.12.11. Eg raska det til meg. Alt gratis etter garantiordninga, og til alt overmål også nøkkelholmerka. Ikkje berre gratis, sunnast i klassen skal det vera dette Prior-kjøtet. Eg som har forbant meg på denne merkinga. Turen gjekk vidare. Kalkunfiletar ramla opp i korga, også det merka 22.12.11. Så møtte eg motstand i hyllene til Gilde. Mykje merka såvidt over nyttår, eg la det på minnet - og leita vidare. Langt bak dukka det opp nokre gamle varer merka 16.12.11, faktisk utgådde på dato i ordets rette forstand. Det var tale om langtidsmørna-serien til Gilde, faktisk tala. 2 pk pepparbiff og 1 pk indrefilet. Garantiordninga sikra her erstatningsvare og dagen var fullendt.

Kjøpmannen som passerte burde kunne ane uråd der han såg meg lesse korga full av dyrt kjøt, men han ante nok ein god handel og helste pent. Heilt korrekt! Ein sjeldan god handel: 11,5 kg reinskore, fint kjøt til ganske nøyaktig 1500 kr samla over to dagar. Alt gratis.

4 x 1,2 kg kylling, FirstPrice, sum 469,20
2 x 450g grytekjøt av storfe, Gilde, sum 172,49
10 x 400g kyllingstrimlar, Prior, sum 499
2 x 300g kalkunfilet, Prior, sum 123,80
1 x 240g langtidsmørna indrefilet av store, Gilde, sum 93,34
2 x 410g langtidsmørna pepparbiff av storfe, Gilde, sum 140,62

Når slike mirakel skjer så stutt oppunder jol, fer det meg til å tenkja på juleskrømtet - og Elias Blix. Gledeleg jol! Med dette gode gamle ordet helsar me kvarandre i denne sæle joletida. Yver heile sparebloggredaksjonen gjeng songen til dei mange tusund munnar der ute:

Glade jol! Heilage jol!

5 kommentarer:

  1. Brabra! Ikkje dårleg. Har sjøl frysaren full av kasta kjøtt. I fjor fann eg fire bærenett fulle av tynnskore luksuskjøttpålegg og mykje anna. I haust har eg levd på gratis egg. Egg går omtrent ikkje ut på dato.
    Interessant blogg!

    SvarSlett
  2. Kan meddele ei fantastisk historie og ei dame som alle gniarar verkeleg beundre. Ho lånte bøker på biblioteket, pakka dei inn og gav dei som julegåver til ulike nevøar og nieser. Vedlagt var sjølvsagt ei formaning om at bøkene måtte leverast i tide. For skulle dei ikkje bli det og lånegebyr kom på dei, måtte dei unge ta rekninga.

    For ein stor inspirasjon denne dama er. Må ho leve eit langt og godt gnentent liv.

    SvarSlett
  3. DET er ikkje å spare, men å gjøre seg til latter og skam.

    Romjula er ei fin tid for oss sparararararar...
    Ikkje bare er det salg(OK, de fleste tilbuda er skikkelig 'lokkemat' og i veldig dårlig antall, men noen er det jo.)
    Men triveligst er det jo i dagligvaren...
    Med så mange helligdager er det ikkje til å unngå at varer går ut på dato.
    Var innom den lokale Bunnprisen, og der var det stabler med kalkunpanetter til halv pris(går ut den 30.12.2011) så nå skal eg kose meg med en tikrones middag. (6 panetter i ei pakke til 23.50 = litt under 8Kr for 2, og med en porsjon ris ved siden av... ;-)
    Kjøpte flere pakker. Holder seg lenge i frysern. Men pakka dem parvis i plastposer slik at det er enklere senere, og også fordi det tar mindre plass i frysern.
    Coop Extra Bygg i Molde hadde 'B-vare' vedbriketter(litt deformerte) til 19.90/10Kg pakke. Så lenge de brenner bryr ikkje eg meg om hvordan de ser ut...

    Anthony-Lion

    SvarSlett