torsdag 1. desember 2011

Fyrste luka er opna!

av KR

Me trur det er fyrste adventsdag i dag, sjølv om fyrste sundag i advent var for nokre dagar sidan. Me ber ikkje om nokon logikk, alt me ventar på er nemleg romjulssalet - og då er som kjend "ventetida" over. Likevel ynskjer me å markere denne fyrste dagen i advent, ettersom fyrste luke for underteikna kom frå FirstPrice i form av reklamasjonsvarer. Sant skal seiast, det byrjar då å verte ein vane. Når ein nesten har gløymt kva ein reklamerte på, så har ein anten snev av dårleg hukommelse eller reklamerar ofte nok. Beinsplint i FirstPrice-fårepølsa var det, og beinsplinten kastar godt av seg må vite:

* 155g pasta formaggio - rett nok utan blåmuggost, men 1,1% ostepulver får duge.
* 2 par vaskehandskar - nett som bestilt frå oven då det alt er to hol i mine gamle.
* 25 serviettar ansiktsrens - er dette eit forsøk på ein fornærmelse?
* 1 boks champignon 184g - ei forbruksvare god som noko
* 2x150g sjokoladecookies - omsider noko attåt kaffien
* 2x246g tomatsuppe med makaroni - 8 porsjonar = middag i 8 dagar!
* 8 stk firstpricebatteri - bør eigentleg batteri sendast ilag med matvarer?

Dette var ein rørande adventspresang frå FirstPrice, som nok eingong står til gull kva kjem til kundeservice!

2 kommentarer:

  1. Høres ut som ei grei pakke... Om man liker tomatsuppe... ;-)
    (Eg er 'ikkje spesielt glad' i dem)

    Stoppa innom Nille på Moldetorget på vei hjem...
    De hadde fått inn nye 100pakninger med Ahmad te.
    Den er kansje ikkje like god som Twinings 'English Breakfast', men dette er av de pakkene hvor det følger med ei GRATIS teskje.
    Vi liker gratis...
    (100pakning koster 24.90, så de har ikkje lagt på prisen)
    Attpåtil er det solide skjeer med tykkere og lengre skaft enn vanlige teskjeer, så de er ekstra gode til å røre i tekruset.
    Eg er nå oppe i 8 slike skjeer...
    ;-)

    SvarSlett
  2. Kansje et lokalt tilbud, kansje ikkje.
    RIMI(Roseby utenfor Molde) selger poteter for 19.90/4kg sekker(5Kr/Kg)
    Både 'vanlig' og 'melne' poteter.

    Skulle kjøpt en sekk selv, men har egentlig ikkje noen plass å lagre den, og ikkje hverken tid eller lagerplass(nesten full fryser) til å lage potetball av potetene...

    Anthony-Lion.

    SvarSlett