måndag 28. november 2011

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på alle fiskeprodukt frå Findus kan romme nokre gode tilbod, og me tilrår alltid kapteinens fylte til under 20 kr. Elles går 1 liter Nora eplejuice til 10 kr, sikkert billeg for den som har dyre vanar.

* Spar
Zzz, familieribbe og tynnribbe til 29,90 pr kg. Berre latterlege tilbod frå Spar denne veka, lammelår til 199 kr kg, svinefilet til 149 kr kg og Ali kaffii til 21,90 pr pk. Styr unna!

* Rimi
Appelsiner til 9,90 pr kg går me god for, fersk svineribbe til 39,90 pr kg er ikkje godt nok.

* Kiwi
Kalkunen kostar 29,90 pr kg, Sparebloggen har spådd priskrig på denne vara i år - framleis forheld troppane seg i ro. Vekas Go'helg-tilbod er pepparbiff til 112 kr kg, kan romme nokre gode stykker - men bruk sansane!

* Obs
Der kom kalkunen me har venta på, førebels årsbeste til 24,90 pr kg! Kan Sparebloggen ha truffe spikaren kva gjeld årets priskrig på julevarer? Me tilrår å vente i det lengste før ein handlar på 24,90. Elles plukkar me med oss bananar til 9,90 kr kg, all frukt er billeg under 10 kr kg.

* Mega
40% rabatt på pålegg frå Gilde, men framleis dyrare enn FirstPrice. Skinkesteik til 29,90 er høveleg billeg om du vil ha forandring i høve til dine mange ribbemiddagar i november... Elles lite imponerande, men Coop-medlem får epler til 7,90 kr kg denne veka.

* Ica
Lite å hente hjå Maxi denne veka, til nøds fiskekaker til 39,90 kr kg - strengt tatt ikkje noko å hoppe i taket for. Supermarked-kjeda sel fisk frå Findus og diverse chips med 40% rabatt. Elles forundrar det oss stadig at Ica held fram å tape ein halv milliard i året med desse prisane. Ica Nær har årets billegaste pinnekjøt så langt, 89,90 kr kg - men som tidlegare åtvarar me mot billege fettslintrar av noko pinnekjøt.

Konklusjon: Ingen høgdepunkt for ein kresen sparar, men no skal det eindel til for å imponere underteikna prismessig.

2 kommentarer:

  1. Kan jo legge til at om tilbudvarer hos Joker blir utsolgt i løpet av tilbudperioden, kan ein få ein såkalla "raincheck" - som betyr at ein får kjøpt vara til tilbudsprisen når den er tilbake i butikken, sjølv om tilbudsperioden er over. Veldig kjekt :)

    SvarSlett
  2. Litt tilbud på Toro ferdiggryter (35 kr) og div. pulverpakker m/f.eks. pannekaker og brownies (ca 25%) på Meny denne uken.

    SvarSlett