onsdag 9. november 2011

Smalhans

av SR

Med kokeboka Smalhans har Gunda Djupvik levert eit standardverk i matlaging for spararar, og eg vil gå så langt som å ty til tidenes floskel i desse tider: Denne boka kjem til å liggja under juletreet til mang ein sparar.

Med kapitteloverskrifter som "«Gått ut på dato»", "Å redde mat" og "Å planlegge innkjøp" er det vanskeleg å ikkje få ein klump i halsen for oss som snur på femøringen. Dette er verkeleg boka me har venta på, og noko så sjeldan som eit litterært verk som varmar hjarterota til ein sparar.

Når den i tillegg blir toppa med velplasserte spark mot matvarebransjen som lurar kundane sine til å betala meir enn me må med sine luretilbod og villeiing rundt kva varene kostar. Når det i tillegg er gode og billege oppskrifter, toppa med flotte bilete, kan me vanskeleg be om meir.

Som ein ekstra bonus kan eg nemna at boka er fri for cupcakes. Den har på den andre sida oppskrifter på gode gamle blåbærmuffin. To sikre teikn, i tillegg til spareprofilen sjølvsagt, på at det ikkje er nokon rosabloggar som står bak boka.

Me tilrår denne boka både til eige hushald, som gåve til spararar, og ikkje minst til dei som ikkje er spararar, men alltid er blakke. På toppen av det heile er den òg relativt billeg. Og kjøper du på nett får du den endå billegare. Sparebloggen gir med tryggheit Smalhans sitt godkjendstempel!

3 kommentarer:

  1. Har du 'testa' boka?

    For om man bedømmer boka etter forsiden så har de faktisk vurdert utseendet på de ferdige måltida, og pynt er som kjent dyrt.

    SvarSlett
  2. Jeg har testa boka. Den er en vinner her hjemme hos både meg, de to på 19 og hun på 10.

    Og pynt, mener du det halve egget i den hjemmelaga tomatsuppa?

    SvarSlett
  3. av SR

    Boka er sjølvsagt lesen, viss det er det du meinar. Som alt anna me omtalar her på bloggen.

    Som Christin òg antydar, så er egg mat som mettar, i tillegg til at egg jo er noko av det billegaste ein får i butikken, berre ein vel dei rette.

    SvarSlett