onsdag 23. november 2011

Test: First Price sjampo

av SR

Produkt: First Price Sjampo.
Pris: 7,90 for 500 ml.

Funksjonalitet 5 av 5
Berre det at flaska er stor gjer at eg får lyst å gje toppscore. Når det i tillegg er ei kork som er veldig enkel å opna og lukka, samt eit praktisk design på flaska, er dette ein klar femmar.

Kvalitet 3 av 5
Sjampoen har fin fylde, noko som trekk opp. Det som derimot trekk klart ned er at lukta ikkje er heilt slik den skal vera. Det er ei udefinerbar lukt som ikkje er heilt slik me er van med frå andre leverandørar. I tillegg blir det lite skum, noko som gjer at det blir meir ei sjamposørpe som renn ned i augene. I tillegg følast det som at sjampoen svir meir enn vanleg. På den andre sida slå blir ein faktisk rein, som jo er det viktigaste med sjampo, så det er grenser for kor mykje dette kan trekka ned.

Ettersom eg har gått over til klyppemaskin med innstilling på 12 mm, er det vanskeleg å seia noko om korleis sjampoen påverkar glansen i håret.


Tilråding: Her er det eit stort sprang mellom kvalitet og det praktiske, og det er ikkje alltid samanheng mellom kvalitet og kvantitet. Produktet fungerar, og er du ein kresen sparar, kan eg på det varmaste tilråda sjampoen som kroppssåpe, slik at du sparar den dyrare sjampoen til berre å nyttast i håret.

5 kommentarer:

  1. av KR

    Ja, dette er ei sokalla firstpriceperle - eitt av dei betre kjøpa i norsk daglegvarehandel. Faktisk har eg hamstra litt firstpriceshampo i frykt for at prisen skulle gå opp, men året seinare er prisen framleis 7,90 og eg har framleis shampo att på lager. Ein ekstra bonus er å vatne denne shampoen ut. Den er vel tjukk i konsistensen, så her kan ein lett legge seg på 50-50. Kva gjeld glans har ihvertfall mine gullhår i reva aldri skint meir enn no, så hald dykk til firstpriceshampoen.

    SvarSlett
  2. Eg brukte denne ei stund...
    Det var utrolig hvor effektiv den var om du ønskte mer flass...
    For oss med 'litt' flassproblemer kan eg ikkje anbefale den.

    SvarSlett
  3. TILBUDSALARM!

    Dette kan være lokale tilbud, men eg nevner dem likevel...
    På REMA i Molde er det nå 10Kr for flere typer av Møllerens brødblandinger. Samme med bolleblanding. Desverre er det kun 4 av hver sort per kunde... Den samme begrensninga er det ikkje på 'storplate sjokolade'(190 og 200grams plater) so går til 2 for 30Kr.
    Kva går godt sammen med Ribbe? Jo, mandelpotetr, og Bunnpris Molde sentrum selger 4Kg for 19.90!

    Å bære en sekk poteter, 8pakker brødblanding og 'noen' sjokoladeplater opp bakkene fra bussholdeplassen var slitsomt...
    (Og folk lurer på hvorfor eg bruker en 30L ryggsekk til matpakka?)

    SvarSlett
  4. Hadde vært fint med en sammenlikning med Rimis billigsjampo. Jeg har ikke noe å utsette på den.

    SvarSlett
  5. En ting som er bra med denne shampoen er at den ikke inneholder parabener eller andre skadelige stoffer!

    SvarSlett