måndag 16. april 2012

Tilbod

av SR

Spar
Klassikaren 10-kronersmarknad er attende. Det er slik duka for billeg tex-mex (obsobs! td. krydderblandingar og lefser er langt billegare hjå Bunnpris), pølse og leverpostei. Mitt generelle inntrykk er likevel at det ikkje er så alt for mykje å hoppa i taket for.

Joker
Fyrst rekordbilleg kvitost sist veke og no 400 gram kjøtdeig av svin eller storfe til 15 kroner! Dette er mest for godt til å vera sant. Joker er elles sparsam når det gjeld andre tilbod. Tiaren denne veka er firepakning med bearnaise.

Mega
Òg her går det i 10-kronersmarknad, utan at heller ikkje Mega klarar å imponera meg heilt.

ICA Nær
Byr denne veka på Pizza Ristorante med 40% rabatt, samt tilsvarande på produkt frå Vanish, Cilit Bang og Finish all in one.

ICA Supermarked
Svinekam til 39,90 kr/kg er ikkje til å grina av. Det same må seiast om Synnøve Finden til 59,90 kr/kg, sjølv om det langt nær er på nivå med Joker sist veke.

ICA Maxi
Det er visst 10-kronersmarknadar som er tingen denne veka.

Rimi
Slår stort opp om tre god gammaldags fiskegrateng til prisen av to. Her må me ha i bakhovudet at desse kostar nesten 40 kr stykk, og at innhaldet av fisk er minimalt forskjellig i høve til billegvariantane. Kjøp heller grateng på 10-kronarsmarknad. Elles kan du få seks go morgen-jogurtar til 44,90 denne veka. Klart betre enn alle 10-kronersbutikkane som denne veka sel tilsvarande for 10 kr stykk på "tilbud".

Bunnpris
Fell igjennom denne veka, sjølv om tacokrakket er passert. Kremostar til 12,90 når dei går for 10 kr på alle landets tikronarsmarknadar er ikkje godt nok. Norvegia til 69,50 kr kg er ikkje noko godt tilbod når dei fleste lasta opp med Synnøve-ost i førre veke til 42 kr kg.

Obs
1,5 liter fruktjuice til 10 kr stk, seld frå 8-pk. Elles er det lite å hente, også her går fiskegratengen til ågerpris ift dei sjansane på 10-kronarsmarknadane normalt byr på.

5 kommentarer:

  1. Stoppa innom Bunnpris på vei hjem...
    Endelig slutt på Takotullet!

    Kikka innom '1/2 priskråa' og fant en stabel med 500grams Norvegia prisa til 44Kr/stk.
    Bare synd at de samtidig selger 1Kg Norvegia for 69.90 i den vanlige kjøledisken denne uka.
    Litt uheldig prissetting med andre ord.
    Oppdaget også at de har en 1Kg ost merka med en 'B' logo i ostedisken med fastpris 59.90
    Om den er etandes så har vi vel en grei fastpris å sammenligne tilbud med fremover. Noen som føler kallet for å teste den?

    ICA Maxi har klassikeren 400gram blodpølse i 10Kr utvalget denne gangen også. Rødbetsalat og andre 200grams pakninger har slått følge med Smøreostene fra Tine og har gort lunsjen min mye triveligere. (Har en plastkurv full av ost, salat og andre godsaker stående i kjøleskapet på kontoret. Brødet er selvsagt fra stabelen av Møllerens og Regal brødblandinger. Godt og rimelig. )

    SvarSlett
  2. av KR

    Sjølv om tikronarmarknadane til Spar og Ica kanskje er på det jamne, så rommar dei begge klassikarar som kremost, denjasalatar, blodpølse, peparmakrell, mv. Den mest klassiske vara saknast likevel, eg tenkjer då på Findus sin fiskegrateng 450g.

    Imponerande at Joker følgjer opp førre veke, og det verkar som dei tek 15-årsjubileumet sitt alvorleg. Eg raska til meg mykje kvitost til 42 kr _kiloen_ førre veke, samt ein handfull bogskinker til 15 kr. Denne veka får ein òg betalt for å ha venta på at kjøtdeiga skulle ramle under 20 kr igjen, 15 kr pk for 400g Gilde kan ikkje Sparebloggen hugse å ha sett tidlegare.

    Norske tilbodsvarer er billegare enn det du finn på Svinesund!

    SvarSlett
  3. Jeg kjøpte "kjøttdeig" på Joker i går, men jeg oppdaget at det var et blandingsprodukt med storfekjøtt og svinekjøtt. Kan ikke huske og ha sett dette produktet fra Gilde tidligere. Kan det være et litt "sekunda"-produkt mht til at det ikke er 100% storfekjøtt som det pleier å være?

    SvarSlett
  4. Blandingskjøttdeigen er vanlig i sortementet på min lokale Rimi-butikk og flere andre butikker i omegnen. Den er ypperlig til kjøttkaker. Tror ikke det skal være noe annenrangs over produktet utover at det som det meste annet av kjøttdeig i butikkene er et industrielt produsert farseprodukt. Å lage kjøttdeigen selv av f.eks. høyrygg vil selvfølgelig resultere i et bedre og renere produkt.

    SvarSlett
  5. SR

    Ja, kan ikkje anna enn å leggja meg flat. Oppdaga når eg sto i kassa med 10 x vableg kjøtdeig at det ikkje var denne det var tilbod på. I reklama fekk eg inntrykk av at det var tilbod på kjøtdeig av storfe og tilbod på kjøtdeig av svin. Dette var feil, og det var ei blanding. Nytta blandingsdeiga til taco i helga, og det med stor suksess, btw.

    SvarSlett