måndag 9. april 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Kanonstart! Synnøve Finden-kvitost til 41,5 pr kg - 19,90 for 480g. Maks 5 per kunde, heiter det, men her er det berre å ta fleire turar. Sparebloggen trur ikkje me får sjå billegare ost dette året, så her må det frysast inn ein heil del. Elles går bogskinka 325g til 15 kr, rimeleg bra i høve til veiledande pris. Vekas tikroning er Fløtepudding frå Fiskemannen 400g. Med poteter reknar med her middag 6-7 kr pr person.

* Mega
40% rabatt på Fjordland er framleis ikkje godt nok for Sparebloggen. Ei heller 30% rabatt på Findus er særleg freistande, men rommar nok enkelte godbitar - som td Kapteinens fylte-serien. 800g kjøtkaker til 59,90 framstår som billeg nok, men er rådyrt i høve til rekordnivåa frå i fjor. Med kjøtdeig til 19,90 pr 400g kan ein også gjera det både billegare og meir smaktfullt sjølv. Berre bland i nokre skeier mjøl, 2 dl vatn/mjølk, 1 egg og litt pepar og finn fram steikepanna.

* Ica Maxi
Maxi freistar med 10-kronarsmarknad, der moteflaskene frå Imsdal (0,7l) er dei som flaggast høgast. Sparebloggen drikk imidlertid vatn frå springen. Elles finn ein Tine Kremost, makrell i tomat, denjasalatar, blodpølse 400g, Pizza Popolare (300g) og 450g fiskegrateng frå Enghav. Her er det fleire billege middagar i "dyre Noreg"! Til sist tek me med oss nakekotelettar til 29,90 pr kg.

* Spar
Lammelår med bein til 59,90 pr kg, unekteleg billeg - men på nivå med det rimelegaste før påske. 30% rabatt på gryterettar frå Toro, rimeleg billeg om du brukar der som basis for vidare utblanding. Påska er over så Spar let appelsiner og smågodt gå med  40% rabatt.

* Ica Supermarked
Har denne veka 40% rabatt på alt frå Findus, større grunn til å leite etter godbitar her enn på Mega. Me minnar likevel om billeg ferdigmat frå FirstPrice, Coop og Enghav. Heil, fersk laks går til 39,90 kr kg, noko som er langt meir å tilrå enn Findus sine papptallerkenar.

* Obs
Innleiar våren med tikronarsmarknad, der Tine Kremost, 500g Tine Yoghurt, frukt/grønt pr kg, bordsmør/-margarin, 400g blodpølse med meir går for 10 kr. Me saknar imidlertid klassikaren 450g Findus fiskegrateng på tikronarsmarknaden.

* Bunnpris
Framleis taco-krakk 30-50% rabatt...

* Prix
Aprildelen 500g Uncle Ben's + 300g svinekjøtstrimlar til 21,40 kan tilrådast. Elles let me oss direkte sjokkere av potetprisane, nærare 20 kr kg for assorterte poteter?! 1 kg kyllingfilet frå Coop til 79,90 er isolert sett billeg, men me minnar stadig om 2 kg-pk frå FirstPrice til omlag same prisen.

3 kommentarer:

  1. Hvordan blir hvitosten etter å ha vært frosset? Jeg rasper opp hvitost, fryser det ned og bruker det på pizza, lasagne o.l. Det fungerer glimrende, men jeg har aldri prøvd det på vanlig måte på brød etter å ha frosset det.

    SvarSlett
  2. av KR

    Har opplevd at nedfrosen ost har vorte ein anelse kornete ved høvling, men det har aldri vore noko problem på skiva. No brukar eg primært ost i maten, og då er det eit enno mindre problem.

    SvarSlett
  3. Fungerer fint å fryse hel kvitost for bruk på brødskiver senere. Bare husk å tine den i kjøleskap.
    Tines den på kjøkkenbenken kan den bli vassen eller kornete alt ettersom type og kvalitet.

    Bare husk å dele opp osten i passe stykker før du fryser den. (Eg deler en 1Kg ost i 4 like deler om den skal brukes til pålegg. )

    SvarSlett