måndag 23. april 2012

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på pålegg frå landbruksmonopolistane, me tilrår framleis FirstPrice til lågare pris. Surra svinesteik til 49,90 pr kg gjev rett nok billege måltid, men me tilrår ikkje hamstring før me ser 30-talet.

* Spar
Ein klassikar me har etterlyst! 450g Findus fiskegrateng til 10 kr. Med kokte poteter og smelta smør snakkar me middag til 6-7 kr per pers. Det er billeg å bu i Noreg, ikkje lytt til dei som lukkar augene - for dei må opne lommeboka. 10 kr for 1,5 liter juice er heller ikkje å forakte, om du har lagt deg til dyre vanar. Me tilrår springvatn! Elles finn me vande tikronarklassikarar som kremost, pepparmakrell og frosne grønsaker (800g).

* Obs
Marinert flintsteik til 59,90 pr kg har alt innteke hyllene, og me har framleis ikkje teke av oss stillongsen. Sparebloggen avventar, men nedsida er nok berre til 49,90 utover sumaren. Elles pregast tilbodsavisa til Obs òg av andre grilltilbod, og gildepølsene går for 3x600 til 55 kr under slagordet "klar, ferdig, grill!". Me let oss imponere over tidleg sesongstart.

* Rimi
Dette må vera årsverste, seifilet til 79,90 kr kg er ein stor vits. Det same må seiast om torsken til 139 kr kg. Me krev halvering og vel så det.

* Prix
Inga kundeavis denne veka.

* Mega
Skinkesteika går her til 39,90, ein akseptabel pris. Ver imidlertid obs på all time low her, 29,90 frå Joker i fjor. Sparebloggen trur prisane på svin skal ytterlegare ned utover året, og det meldast frå insidarar at talet på nye grisehus er kraftig stigande på Vestlandet! 40% rabatt på pizza og fisk kan òg romme nokre gode tilbod, men ver obs på særs urovekkande veilprisar.

* Ica Maxi
Beinfrie nakkekotelettar til 39,90 er ikkje å forakte, sjølv om me føretrekk varianten med bein til 29,90 då den justert for beinmasse likevel er smått billegare. 35% rabatt på Findus er ikkje godt nok når gratengen går til 10 kr på Spar denne veka. Gløymde du ut Joker sitt kanontilbod på ost for to veker sidan, kjem Ica deg delvis i møte med Norvegia til 59,90 pr kg - ikkje meir enn det må vera.

* Ica Supermarked
Finn fram sløyekniven og sikre deg fersk laks til 39,90, bruk imidlertid nasa før du slår til - og sjekk hjellene nøye. 40% på reingjeringsprodukt kan romme nokre godbitar, men òg her ser me at FirstPrice stadig lanserar og konkurrerar med monopolistane i Lilleborg.

* Bunnpris
Stadig på bunn, dog ikkje i pris! Dei kjem til kort på kremosttilbodet sitt 12,90 er 2,90 dyrare enn 10-kronarsmarknaden til Spar. Norvegia let Bunnpris selge for 9,60 meir enn Ica Maxi, men 2x600g grillpølser til 29,90 er rimeleg bra. Me minnar likevel om det kjende Bismarck-sitatet.

Ha ei god veke, underteikna tek turen til Spar for fiskegrateng.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar