måndag 17. desember 2012

Tilbod

av SR

Joker
Familieribbe til 49,90 kr/kg imponerar ingen. Bananar får du denne veka til 10 kr/kg.

Spar
Òg desse har familieribbe til flåpris 49,90 kr/kg. Det er elles 40% på appelsiner, eple og pære. Mandelpotet til 7,90 kr/kg går fint an!

Mega
WTF? Familieribbe til 49,90 kr/kg her òg, snakkar me prissamarbeid? Coop kaffi gul og raud får du til 25 kr for to posar. 6,89 kr/hg for smågodt er ikkje feil, det same med 40% på dessertis frå Diplom is.

Obs!
Henriette-pinnekjøt til 149 kr/kg er ikkje feil, coop sitt får du til 94,80. Kålrabi er denne veka til 6,90 kr/kg. Julebrus til 7,90 for 1,5 liter er ikkje feil. Òg her er det  40% på dessertis frå Diplom is. Julegåvetips: Philips Senseo kaffimaskin til 399.

Extra
Tynnribbe til 39,90 kr/kg er òg noko over det me forventar, men det lønnar seg aldri å vera seint ute, med mindre du handlar julepynt - denne veka er det 50% på all julepynt.

Rimi
Køyrer på med 2 for 3.

Rema
Kalkun til 18,90 kr/kg er ein klassikar som aldri slår feil! KR sin spådom frå i fjor om priskrig på kalkun, ser ut til å verte ein realitet i år. Elles er det interessant at den ferdig krydra tynnribba er billegare enn den ubehandla. 5 kg mandelpotet kostar 29,90, og pinnekjøt får du heilt ned til 94,50 kr/kg. Kålrabi til under tre kroner imponerar.

Prix
Òg her er tynnribba som er krydra til 39,90 kr/kg.

5 kommentarer:

  1. Rema (Nygårdsgaten) har 40% på julpålegg frå Gilde. Gode greier.

    SvarSlett
  2. I Molde også, men pass på størrelsen på pakkene. Tror det bare gjelder 170grams.

    Var innom Europris for å handle julegaver...
    Endte opp med å spasere ut med et Silverlit Spycam II mini RC helikopter med innebygd kamera...
    OK, kansje ikkje så billig, til 499, men detta beholder eg selv... ;-)

    SvarSlett
  3. av KR

    Det har vore ei forferdeleg førjulstid kva gjeld ribbeprisane. I 2010 hadde me priskrig og ribbe ned til 10-15 kr kg, i år har me knapt sett noko under 40 kr kiloen. I 2011 etterlyste me priskrig på kalkun, og det ser no ut til at Rema har starta ballet! 18,90 pr kg er rett og slett fantastisk, her snakkar me middagar godt under 10 kr pr hovud inkl alt tilbehøyr.

    SvarSlett
  4. Trolig litt for sent til å kunne gi det som julegave, men...

    http://www.impecta.se/sv/artiklar/julklappstips/krukmakare-original.html
    "Pottemaker" for å lage såpotter av avispapir.
    (Potta med spire settes rett i bakken når det er tid for utplanting. SLike potter lages jo gjerne av torv eller lign. og koster peng... )
    Verktøyet koster litt, men over tid er det innsparingsmuligheter... En 'gave som fortsetter å gi'.
    Billige frø har de også.
    (Det er nå man bør anskaffe frø om man skal komme tidlig igang med forkultivering så man har sterke spirer å sette ut når sne og tele er borte)
    10Kr per ordre i desember går til 'BarnCancerFonden' i Sverige, og det gir jo den ekstra varme følelsen. ;-)

    SvarSlett
  5. Jeg har kjøpt frossen tynnribbe på Rimi i Sarpsborg til 19,90 kroner kiloen i år. Nevner også rød og god julebrus på Rema 1000 til 4,70 for en 1,5 liter. God jul og takk for fin blogg :-)

    SvarSlett