onsdag 23. januar 2013

Kaloriteljing som budsjettgrep

av KR

Ja, eg innrømmar det gjerne; eg har byrja og telje kaloriar. Og ja, det skjer ved hjelp av ein app. Ekstra pinleg er det at dette skjer i januar... Hadde nokon fortalt meg dette for berre éi veke sidan, ville eg sagt "søk hjelp" og ledd høgt. Eg ler framleis, men heile vegen til banken. Høyr berre her:

Trass i ein nøktern livsførsel har eg lenge ant eg levde over dagsbehovet, særleg med store middagar og kveldsmåltid, men buksevidda har trass dette vore stabil i mange år.

Det var gjennom eit eksperiment på Howard Stern TV eg vart informert om at kaloriappar i det heile eksisterar. Etter å på moro ha logga eit døgninntak no i helga vart mistanken stadfesta; eg et minst 50% over dagsbehovet. Enkelte fredagar og laurdagar nærare 100% over dagsinntaket. Sjokkerande usunt tenkjer somme, sjokkerande sløseri tenkjer andre!

Dette måtte eg sjå nærare på.

Sundagen kom og appen vart teken i bruk. Lunsjen vart logga, det same eit mindre mellommåltid. Kvelden før hadde eg teke opp eit bra stykke ferdigstekt svineribbe (400g) eg skulle kose meg med denne sundagen. Appen protesterte heftig, dagsbehovet vart sprengt. Eg måtte halvere kjøtmåltidet for å få det til å passe inn i mitt kalkulerte dagsbehov. Sidan eg enno var i testmodus lot eg appen styre, og halverte skinka og gjekk vidare med middagsplanane. Middagen var god, og eg var mett - til halve mengda. Når kveldsmaten kom hadde eg iflg appen berre råd til å eta 2 brødskiver før dagsbehovet var nådd. Eg var likevel så mett etter middagen, at eg nøydde meg med éi brødskive og to gulrøter. Når sundagen var over hadde eg difor ein heil middag til overs, som gjekk direkte inn i måndagsplanane. I tillegg hadde eg spart mykje brødmat og pålegg både tidleg og seint på dag. Ka-ching! Kor mange gratislunsjar og -middagar utgjer det? Nok ein gong måtte Kipling eller Freedman gå attende på sine berømte fraser.

Til no har appen halvert mitt lunsj- og kveldsmatinntakt, halvert middagsinntaket i helgene og utgjort nokre småreduksjonar på vekedagane. Ut i frå dette trur eg det ligg ein sparegevinst på 33% i høve til matbudsjettet.

Det vert pengar av slikt.

Erfaringa tilseier at ein ikkje treng logge måltida i mange dagane før ein får føling med kva som gjev kva, og sjølvsagt skal ingenting vegast - alt går på gefühlen og plottas inn i appen. Som ein bonus kan ein gå ned i vekt om ein ynskjer det. Appen kan nemleg logge di noverande og framtidige vekt. Kvifor vera medlem på dyre treningssenter, kjøpe snakeoil og helsekost, når du kan la gratisappen ShapeUp også slanke matbudsjettet ditt?

Disclaimer: Me har ingen bindingar til ShapeUp og tvilar ikkje på at det fins mykje betre programvare frå andre produsentar der ute.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar