måndag 31. mars 2014

Vekas tilbod

av KR

* Joker
40% rabatt på div overprisa ferdigpizza frå Stabburet. Vekas tikroning er Freia kokesjokolade.

* Spar
Stor tikronarsmarknad med alle dei kjende klassikarane. Me nemner 400g lungemos (undervurdert!), blodpudding og fløtepudding. I påleggsdisken finn du tikronarar som kremost. Er du i det late hjørnet får du 450g ferdiggraut til 10 kr også...

* Obs
40% rabatt på coopkaffien. Beinfri, fersk laksefilet 69,90 per kg. Tannkrem og tannkostar til 40% frå Solidox, Jordan og dets like slår imidlertid ikkje FirstPrice sitt nivå. Elles registrerar me at grillsesongen har byrja på Obs, men prisane reflekterar framleis manglande konkurranse i marknaden. 40% rabatt på alle gryter og panner, mellom anna frå OBH Nordica. Phillips hårklyppar kr 149, denne er tent inn att på èin klypp.

* Rimi
Indrefilet av svin kr 99 er ikkje så halvgale, medan lammelår til 58,90 går rett heim hjå oss. Pass på kjøtmengda, og kjøpt eit stort lår.

* Kiwi
16,90 for 150g pepparbiff er 113 kr kg, og følgeleg ein bra middag. Potene bør du imidlertid kjøpe på ein annan butikk, då 13,50 kr kg er noko dyrt.

* Meny
Ingen særskilt gode tilbod, me nemner 30% rabatt på Grandiosa og styrar unna...

* Europris
Lett høgtrykksspylar (100 bar/1300 w) frå Black & Decker til kr 299 er eit bra tilbod for den med normalt vedlikehalds-/reingjeringsbehov. Elles registrerar me at påska er nærme, og at Europris med nærast har dobla prisane på smågodt solgt i egg à 400g (!).

3 kommentarer:

  1. Du/dere bør sjekke ut Rema 1000 også. De har ofte bra tilbud, som for eksempel strimlet svinekjøtt til 10,- denne uken.

    SvarSlett
  2. Så ikkje noe strimla svinekjøtt til 10Kr da eg var innom REMA(kan være et regionalt tilbud?), men her i Molde så fant eg 6pakning kvikk-lunsj for 19Kr, og assorterte Toro gryteretter for 25Kr.
    Eg har nå Kvikk-lunsj til å dekke tursesongen, og trolig frem til neste års tilbud, og ja... flere gryteretter enn eg har tilbudskjøttdeig i frysern...
    (Tilsett erter, bønner, oppstrimla paprika, løk eller anna 'fyllstoff' man syns passer de forskjellige gryterettene, i tillegg til kjøtt/kjøttdeig/pølser og server sammen med ris. Blir ikkje så dyrt da)

    SvarSlett
  3. For all del ikke kjøp "høytrykkspyler" fra Europris. Har mer trykk i vannslangen.

    SvarSlett