måndag 13. desember 2010

Tilbod veke 50

av SR

Spar
Tynnribbe til 39,90 kr/kg er den nye standardprisen etter ribbekrigen. Du får likevel ferdigkrydra tynnribbe til tilsvarande pris hjå Rema. Vidare får du First Price-mandarinar til 7,90 kr/kg, noko som er bra samanlikna med "momskutt-kiwi" som krev nærare 20-kroningen for mandarinar. Du får òg eple, pære og appelsiner til 12,90 kr/kg.

Joker
Har denne veka Grandiosa til 19,90. Julepølse frå Gilde får du denne veka til 16,90 for 400 gram, røykt og urøykt. Du får òg karbonadekaker til 39,90 for 800 gram. sjølv laga eg 2,5 kg kjøtkaker til noko over 100-lappen. Betre, sunnare og omlag same prisen. Oppskrift kjem.

Mega
40%-aren denne veka er COOP-kaffi av typen raud, gul og paz. Elles lite å melda om, med mindre du vil ha klementinar i frivekt, som du får til 11,90 kr/kg.

OBS
Klementinar til 9,90 kr/kg og same kaffi-tilbodet som Mega er noko av det OBS har denne veka. Elles kan du sikra deg ei billeg julegåve til junior med skipakke til 699.

Rimi
Med krydra ribbe til 39,90 kr/kg, Klementinar til 8,90 kr/kg, 400g julepølse frå Gilde til 14,90 kr, og pinnekjøt til 93,90 kr/kg er jula klar.

ICA
Ikkje så mykje å melda om, sett vekk frå 40% på tex mex-produkt hjå Maxi.

Rema
Sikrar budsjettet i julegåvehandelen med blåfjell-DVD eller jule-cd frå Kurt Nilsen til 99 kr. Elles lite nytt å melda om, forutan om at milliardbedrifta går godt.

Bunnpris
Òg Bunnpris har ein kilo mandarinar til 7,90 kr/kg. Elles får du den tynne Grandiosaen til 19,90 kr. Elles er det lite nytt å melda om denne veka some er verdt å bita seg merkje i.

5 kommentarer:

  1. av KR

    Det gler meg at SR skriv om både klementinar og mandarinar, men eg anar ikkje skilnaden. Etter kva eg ser på Wikipedia er det eine ei frukt, og det andre eit språk. No syner det seg likevel at mandarinar, frukta, er like sjeldsynt som andre mandarinar frå Kina. Mest truleg er det som omtalast som mandarinar i daglegvarehandelen, berre klementinar med feil merkelapp. Eller var det omvendt?! Kven veit, det einaste me veit er at me vel det billegaste.

    SvarSlett
  2. Mandariner er 'ute' og det som selges nå er for det meste klementiner da de smaker bedre.
    Men de ser like ut...
    (Kan jo skyldes at klementin er en krysning av mandarin og en annen sitrusfrukt...)

    http://nn.wikipedia.org/wiki/Mandarin

    SvarSlett
  3. av SR

    Eg har ein teori om at det har noko med kor tjukt skalet er, men veit ikkje. Siterar difor berre butikkane.

    SvarSlett
  4. Såg klementinene på Bunnpris...

    Tror eg foretrekker de på Mega eller andre plasser. (Nettingposer med de minste klementinene du kan få tak i. De du bare veit går klar før du får spist alle sammen)
    Ikkje imponert over julepølsa deres heller.
    Kokt FirstPrice pølse.
    (Blekere enn meg etter en lang vinter... )

    Julesylte må man jo ha.
    Bunnpris har en rund til 79Kr/Kg.
    (Veier omtrent 900gram) Grei kvalitet, men ser ikkje ut til å stå seg særlig lenge om den oppbevares i kjøleskap etter at pakninga er åpnet.
    REMA har en firkanta til 69(tror eg det var)/Kg.
    Har noen kjøpt denne?

    Såg frossen ribbe til 25.90 hos Bunnpris i Molde(plakat på gata utenfor. Så aner ikkje kvalitet/type.) Sikkert ett av deres lokale lokketilbud.

    SvarSlett