måndag 6. desember 2010

Tilbod

av SR

Spar
Har tre hovudtilbod denne veka. Kjenninga heil grilla kylling til 29,90, druer med 40% avslag (OBS, dyrt i utgangspunktet) og julepølse til 14,90. 4 kg mandelpoteter til 29,90 er heller ikkje feil for den kresne.

Joker
400 gram kjøtdeig av storfe eller kylling til 22,90 er ein ny pris, men me ser at det har blitt inngått eit kompromiss i høve til den nye standardrisen på 24,90 som nokre har freista seg på. Elles får du 1,5 liter coka cola til 10,90 + pant. Eit glas Dolmio spagettisaus til 10 kr er heller ikkje verst for dei som ikkje klarar å laga slikt sjølv. Joker har òg pære til 10 kr/kg denne veka.

Rimi
Pære er visst på moten denne jula, og Rimi diskar opp med pærer til 9,90 kr/kg. Dankar hermetiserte pærer ut moltekremen denne jula? Vidare får du fersk og krydra ribbe til 39,90 kr/kg, samt pinnekjøt til 99 kr/kg. Lutefisk får ein òg til 13,90 kr/kg og 1,5 liter julebrus til 5,90 + pant. Ei bra veke dette altså!

Til sist får du sjokoladeplater frå Freia (både 200 gram og Melkedrøm). Dette er bra, og godt!

Rema
I tillegg til faste låge prisar, har Rema denne veka fersk krydra tynnribbe til 39,90 kr/kg, gryteklart pinnekjøt til 88 kr/kg (årsbeste!) og 12 flaske Pepsi og Pepsi Max til 99,80 kr + pant er veldig bra! Vidare får du julepølse til 9,90.

Her får du mykje bra til jula, samt to store sjokoladeplater frå Freia til 30 kroner, noko som er årsbeste.

Bunnpris
Har denne veka tre posar potetgull frå Kims til 30 kr. Eple til 9,90 kr/kg er heller ikkje verst. For dei som likar pizza i julestrida, får du Ristorante til 19,90. Elles lite å melda om.

ICA Maxi
Har denne veka ferske kyllingfiletar til 1300 g til 129 kr og Wienerpølse til 920 g til 60 kr. Dette er bra for å vera ferskt, men mtp. at ein vanleg vis kan nøya seg med det som er frose og mykje billegare er dette dyrt. 40% på alt frå Findus derimot er uomtvista bra! Det er òg ein mindre 10-kronarsmarknad.

Mega
Har 40% på store sjokoladeplater frå Nidar og Freia. Likevel lite truleg at dette er billegare enn hjå Rema. Du får òg røyka svinekam til 29,90 kr/kg! COOP har no innlemma 400 gram storfekjøtdeig frå Gilde i serien av tre for 69 kr, noko som gir ein fastpris på 23 kr/stykk!

OBS
Har denne veka 40% på supper frå Toro. Du får òg tre 400-gramspakkar med karbonadedeig til 100 kr, noko som er særs bra. Elles ikkje så mykje å melda om.

5 kommentarer:

  1. Var innom Bunnpris i Molde igjen, for å se hvilke lokketilbud de hadde...
    1.5Kg Økologiske poteter: 5Kr...
    Appelsin: 4.90 /Kg
    Banan: 5.90 /Kg
    Kiwi: 10Kr /kurv
    Skal være snill og ikkje nevne kva de tok for 4Kg mandelpotet i forrige uke...

    Mega har rimelig røkelaks.
    (79Kr / Kg, tror eg det var. Billigere enn Røkelaksen eg kjøpte på 'Bondens marked' nylig ihvertfall. Men ikkje nødvendigvis like god.)

    Ett tilbud eg såg i ICA sitt 10Kr marked er 2x tomatbønner. (vanligvis er billigste eg kan finne 5.90 /boks)
    Kjekt når man lager 'restepanne' og trenger å 'spe på litt' ;-)
    (Bare hiver sammen det eg finner; en pølsesnab, en halv løk, kansje en kokt potet... Ser det for kjedelig ut tilsetter eg tomatbønner. Ingen stjerner fra Michelin i mitt kjøkken, nei.)

    Billigste marsipan eg har sett er 14.90(tror eg det var)/500gram hos Bunnpris. Hvem F! kjøper vel marsipangriser?
    (Har ikkje sjekka Rema/Rimi enda)

    Julepølsa, hvor stor er den? 200gram?
    Eller er det bedre å satse på røkt kjøttpølse til 35Kr/Kg?

    SvarSlett
  2. 15,90 kr for 500 gram Landlord marsipan på REMA. Billigere julegodt enn marsipan finnes vel knapt?

    Det var noen saftige tilbud på Bunnpris i Molde, må jeg si! Har jo lært på denne bloggen at alt under 10 kr/kg for frukt er bra :)

    SvarSlett
  3. 15,90?
    Var nettopp innom REMA(Elnesvågen), og der kosta marsipan 14,80 for 500gram.
    (Fant ikkje julepølsa eg egentlig såg etter... )

    Det fine med Bunnpris i Molde er at eg går forbi den på vei fra kontoret og til busstasjonen om ettermiddagen.
    Ulempa er at eg har 1,5Km med oppoverbakker når eg kommer hjem, så det er begrenset hvor mye eg kan bære med meg.
    (Tilfeldigvis er det både en Bunnpris og en Coop Mega hvor bussen stopper, en REMA et lite stykke lengre borte, og enda hundre meter lengre borte er det både Eurpris og Kiwi.)

    SvarSlett
  4. av KR

    Fine tips! Sjølv føretrekk eg å styre unna julevarene, dei er generelt overprisa i høve til alternativa utan juleglitter.

    Kva gjeld gangveg frå butikken, anthony-lion, er det tilrådeleg å handle med ryggsekk. Ein sparar då hendene for bæringa, og ikkje minst 50 øre på plastposen.

    SvarSlett
  5. Hvor i alle dager får du 50øres plastposer fortsatt?

    Ryggsekk bruker eg hver dag(Må jo ha noe til å frakte matpakka, ståltermosen og diverse jobbrelatert). Tror jaggu meg det er plass til ett par tomme plastnett i ei av lommene også.

    SvarSlett