måndag 20. desember 2010

Vekas tilbod

av KR

* Joker
Kanontilbod på svinesteik, fersk, surra edelgris 29,90 pr kg. Årsbeste frå Joker. Til samanlikning går den surra "Juleskinka" til 89,90 pr kg på same butikk.

* Spar/EuroSpar
Juleskinka går her til 119,90 pr kg, me held oss til edelgrisen til Joker. Enno eit luretilbod, 500g Findus fiskegraten til 35,90. Eit latterleg tilbod når ein veit kor ofte Spar og andre kjeder sel 450g Findus fiskegrateng på 10-kronarsmarknad. Styr unna Spar-kjeda denne veka, årsverste!

* Rimi
Ribbeprisane er tre- og firedobla sidan bunnen for nokre veker sidan. Me reknar med røynde sparar alt har sikra seg ribbe. Peparkaker 300g 8,90. Elles labert frå Rimi.

* Rema
"Ikke spar på julekosen. Spar penger!" oppfordrar Rema. Me er heilt samde, og handlar ikkje på Rema denne veka.

* Kiwi
24,90 pr kg for kalkun, me har sett det billegare - men prisen er likefullt brukbar. Klementinar til 6,93 pr kg er truleg årsbeste.

* Mega
Smått dyrare på kalkunen enn Kiwi, me styrar klar. Julestemninga har innteke Mega, og prisane stig etterkvart som varene får prefixet "Jul-".

* Obs
Den økologiske kalkunen selgast til dobbel pris i høve til Kiwi sin ordinære kalkun. Tilbodsavisa frå Obs er denne veka omlag like kjedeleg som dei andre, bladet bugnar av julevarer og stive prisar. Me går snart lei jula før den er ringt inn!

* Bunnpris
Som førre veke sett bort i frå at Grandisen til 19,90 er bytt ut med lutefisk av torsk til 19,90 pr kg. Originalt!

Konklusjon: Det er tydeleg at daglegvarebransjen har lært av elektrovarehusa, prisane pumpast oppover før jul.

2 kommentarer:

  1. Kikka på REMA-brosjyra på nettet, og fant:
    Fersk kokt Juleskinke(Nordfjord) 48.90 / Kg
    Mandelpoteter: 5Kg 29.-
    Brus: Grans 10 stk 1.5L: 59.- +pant
    (3.93Kr/L eks. pant)
    Hvetemel 8Kg (4 x 2Kg) 39.50
    (4.94Kr / Kg)

    Mulig noe av dette er lokale tilbud?

    SvarSlett
  2. av KR

    Me var nok litt harde mot Rema, men det vart for fristande mtp deira nye slagord. Mandelpotetene er verkeleg eit funn, dei andre varene er heller ikkje å kimse no rundt juletider.

    SvarSlett