måndag 9. mai 2011

Tilbod veke 19

av SR

Spar
Det nærmar seg vår, og denne veka får du alle typar melonar 40% billegare enn vanleg, samt 600 g grillpølse til 19,90 kr. Elles styrar me klar "spar".

Joker
Sommarkotelettar til 39,90 kr/kg er greitt, men ikkje objekt for hamstring. Isbergsalat til 10 kr er bra, for dei som vil vatna ut salaten.

Mega
Mega hiv seg på trenden frå sist veke med 40% på dessertisar og ispinnar ol.. Du får òg 40% på reven ost frå Tine (denne jobben klarar du fint sjølv), shampoo og balsam frå Sunsilk, samt ulike kakeblandingar frå Toro. 200 gramsplater frå Freia til 19,90 er greitt om du er i nød (i den grad ein kan vera det med sjokolade). Treng du jordbær til champagnen, så får du ei korg (500 gram) til 19,90.

Rimi
Same som sist veke, samt 500 gram jordbær til 19,90 òg her!

Bunnpris
Kvardagstilboda som blei landserte står framleis ved lag. Mykje bra her!

ICA Maxi
Òg her er det jordbær til 19,90 for 500 gram. I tillegg får du fersk sei til 29,90 kr/kg, fersk laks til 39,90 kr/kg. 40% på mineralvatn frå Ringnes, samt 30% på butikkpakka ost (altså dei små som er i ostedisken med plastfolie rundt). For den som vil ha litt kraftkost, kan me tilrå bjørnekjøt. Har sjølv smakt bjørn, og det er noko for seg sjølv! Rett nok er kiloprisen stiv (899 kr/kg), men tips ein du kjennom om det, og sei at du er ein racer på viltkjøt. Viss han spanderar, så kan du laga det. Skyld på bjørnen om det går feil.

Obs!
Denne veka får du 40 rullar med lambi toalettpapir, eller 20 rullar med lambi tørkerull til 99 kr. Du får òg 3 x 400 gramsposar frå Minde med sjokolade til 99 kr. Frosne sommarkotelettar frå Gilde får du til 27,90 kr/kg.

5 kommentarer:

  1. Leter man litt finner man grillpølser til under 20Kr/Kg på REMA. (Fast pris)

    Er det ikkje 29.90 som er 'grei pris' på sommerkoteletter?

    Kjøttpølsene fra Bunnpris(kvardagstilbud) er helt grei kvalitet... ;-) Bonus er at man ikkje trenger å hamstre.
    (Hamstring = binder opp deler av matbudsjettet for lengre tid. Tar også opp plass for andre tilbud. altså, noe for varer som sjelden har store avslag på pris. Frysern min er full... Okselevra forrige uke fyllte opp siste tomrom... )

    Jordbær koster 16.90 /500gram på Mega i Molde og omegn.

    OBS kan tørke seg en viss plass...
    40ruller = 5 x 8pakninger, og vi veit alle kva tolags produsert av resirk papir koster. ;-)
    Tørkerullene kan være bedre. Ikkje så ofte eg kjøper den type papir.

    Coop Prix selger Oskar sylte 1.5L Ananas brus for 9,90+pant.
    Joda, du får Grans billigere, men dette er gromme saker.

    Plukka opp noen 80cm blomsterkasser av sink for 10Kr stykket på Plantasjen tidligere i år.
    (Fjorårsmodell)
    Nå er de fyllt med et lag leirkuler i bunn, og massevis av jord oppå, og eg har planta løk(bruker en 'plugbox' for å starte spirer) og senere i år regner eg med å høste over 20 løk.
    Noen av disse vil bli hakka opp, blanda med gressløk(dyrka i potte), oppskåret bog skinke, paprika(også dyrka i vinduet) og kokt og oppskårede poteter. Med andre ord, Pytt i Panne, klar for frysing i porsjonspakker.
    Resten av løken som ikkje 'nytes' direkte vil bli skåret i skiver og frosset.

    Anthony_Lion

    SvarSlett
  2. Stoppa innom Prix i Granlia i Molde for å kjøpe rimelig Ananasbrus...
    Der fant eg 200gram Freia Dronning kokesjokolade til 13.50 Selges ut pga. endring i vareutvalg.
    Kan være en ide å sjekke Prix andre steder også?

    Anthony_Lion

    SvarSlett
  3. av KR

    Heilt einig! Kotelettar til 39,90 er ikkje særleg bra, men likevel billeg kjøt i høve til det folk elles dyttar i seg her til lands. Tør eg nemne kjøtdeig til doble/tredoble kiloprisen? Likevel er nok 29,90 noko ein bør sikte seg inn på, og aller helst årets lågaste (til no) 27,90. Eg trur me får sjå 19,90 når grillukta spreiar seg agressivt frå byggefelt til byggefelt omkring i det ganske land.

    Elles meinar eg Prix fortenar meir merksemd denne månaden. Dei sel mexikansk gryte frå Toro + 400g kjøtdeig til 27,90 samla. Dette er eit bra tilbod. Normalt kjøper me kjøtdeiga på tilbod til 19,90, og gryta frå Toro kostar vel rundt 20 kr - og eignar seg godt som basis for kraftig utspeding. Kjøper sjeldan eller aldri Toro-gryter, men det freistar til denne prisen.

    SvarSlett
  4. av KR

    Eg må verkeleg seie du belyser ein godbit i Oscar Sylte si Ananasbrus. Sjølv har eg ved eitt høve hamstra denne til 15 kr på Byrkjelo i Sunnfjord. Ikkje alltid like lett å koma over ein butikk som fører Oscar Sylte. Hamstringa skjedde då i rein desperasjon og med sterke abstinensar. Dømmekrafta derimot var langt i frå svekka! Å få denne ned i 9,90 tyder på nærleik til produsenten, kanskje eit lokalt tilbod?

    SvarSlett
  5. Oskar sylte har fabrikken sin på Årø, rett utenfor Molde, så det er kort vei til Prix Granlia. ;-)

    Alle Coop kundeaviser for hele landet er tilgjengelig på www.coop.no
    Bare tast inn en postkode for å finne rett avis.
    (Eg foretrekker å bruke 6412 for Molde, Noen andre nr. gir 'rare resultater')

    SvarSlett